LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Fire stipendiatstillingar innan Studiar av danning og didaktiske praksisar

Søknadsfrist: 25.04.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 630 studentar og 553 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Stipendiat

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig 4 stillingar som stipendiat innan Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) er det ledig 4 mellombelse stillingar som stipendiat. Stipendiatprosjekta må vere tematisk relevante for fakultetet si forskingsverksemd og for ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar».

Fakultetet si forsking er organisert i eitt forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 49 forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.

Ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet HER.

Stipendiatstillinga er rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er viktig at ph.d.-prosjekta vert nært knytt til forskingsaktiviteten ved fakultetet. Søkjarane til stillinga må, før søknaden vert utvikla, sjølve ta kontakt med éin eller fleire forskargruppeleiarar for å presentere sin idé til tema for ph.d.-prosjektet og drøfte relevans i høve til forskargruppa sine aktivitetar inkludert moglege rettleiarar frå forskargruppa. Dei må deretter få ein kort uttale frå den aktuelle forskargruppeleiaren som stadfestar kontakt, gjensidig interesse og relevans for prosjektet. Denne uttalen må leggjast ved søknaden. Dersom søkjar er usikker på kva forskargruppe som kan vere relevant, kan leiarane av dei strategiske forskingsprogramma konsulterast.

Samla stipendiatperiode er 3 år. Dersom instituttet der stipendiaten blir tilsett har behov for å løysa arbeidsoppgåver som kan leggjast til stipendiatperioden, kan stipendiatperioden vere på 4 år der 25 prosent av tida vil utgjere pliktarbeid for instituttet.

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved campus Bergen, Stord eller Sogndal i tilsettingsperioden.

Det kan bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.

Det er ønskeleg at stipendiaten startar i stillinga 1. august.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år, eventuelt på 4 år der 25 prosent av tida vil utgjere pliktarbeid i form av blant anna undervisning og administrasjon ved behov i institutta. Pliktarbeidet skal utførast ved HVL.

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet, er det forventa at stipendiaten:

  • bidreg konstruktivt inn i forskargruppa
  • presenterer eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidsskrift.

Kvalifikasjonskrav:

Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL og oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:

  • Forskingsfeltet for det aktuelle ph.d.-programmet er danning og didaktiske praksisar, og vi forstår dette feltet breitt. Vi er spesielt interesserte i prosjekt som bidreg teoretisk og metodisk til å studere danning og didaktiske praksisar slik dette problemområdet uttrykkjer seg innanfor utdanningssystemet, kultursektoren, idrettssektoren og andre sektorar som stiller krav til særleg innsikt i samanhengar mellom danning og didaktiske praksisar.
  • Søkjarar må leggje ved ei prosjektskisse på 5 sider (litteraturlista kan koma i tillegg) som kortfatta, men med tydeleg forankring i relevant forskings- og metodelitteratur på feltet, grunngjev tema/problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten. Prosjektskisser av høg vitskapleg kvalitet på forskingsområde til FLKI vil bli prioritert. 
  • Søkjar må normalt ha fullført mastergrad, hovudfag eller anna grad på nivå med norsk 120 stp mastergrad, som inkluderer ei masteroppgåve på minimum 30 stp, og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjande karakter:
    • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
    • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
    • Ved søknadsfristen skal mastergrad vere oppnådd. Den skal ikkje vere eldre enn 5 år.
  • Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 stp pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.

Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER. Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teken opp på ph.d.-programmet. I denne perioden vidareutviklar stipendiaten prosjektskissa si til ei fullverdig prosjektskildring under rettleiing og søkjer om opptak i ph.d.-programmet. Nærare informasjon om korleis du søkjer opptak til ph.d.-programmet finn du HER. Stipendiatar som vert tilsett vil bli oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden.

Ønska kvalifikasjonar:

Stipendiaten bør meistre både kvantitative og kvalitative forskingsstrategiar.

Personlege eigenskapar:

Den som vert tilsett må

  • ha gode samarbeids- og formidlingsevner
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
  • høg etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd (særleg gjeld dette når personar innan eige utdanningsfelt vil inngå som deltakarar i dataproduksjonen)

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • prosjektskildring
  • ein kort uttale frå den aktuelle forskargruppeleiaren som stadfestar kontakt og gjensidig interesse og relevans for prosjektet
  • inntil 5 vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Prodekan for forsking, Vegard Fusche Moe, tlf: 57 67 60 37/ 922 84 709

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS