LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Samfunnskontakt - campus Førde

Søknadsfrist: 05.06.2023

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring skal bidra til at HVL er ein synleg og attraktiv institusjon og samarbeidspartnar regionalt, nasjonalt og internasjonalt.


Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikle eksternt samarbeid, styrke høgskulen sin posisjon i regionen og synleggjere HVL som ein vesentleg kunnskaps- og kompetanseaktør. Avdelinga skal bidra til at HVL sine fagmiljø er attraktive samarbeidspartnarar for privat næringsliv og offentlege verksemder. Til avdelinga ligg også eit særskilt ansvar for å støtte fakulteta sitt arbeid med å utvikle studietilbod i eit livslangt læringsperspektiv, og tilby fleksible utdanningar.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) har ledig ei fast stilling som rådgjevar (seniorrådgjevar) ved Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring, campus Førde

Avdeling for samfunnskontakt - arbeidsliv og livslang læring skal bidra til at HVL er ein synleg og attraktiv institusjon og samarbeidspartnar regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Avdelinga skal vere ein pådrivar for å vidareutvikle eksternt samarbeid, styrke HVL sin posisjon som ein relevant kunnskaps- og kompetanseaktør og leggje til rette for innovasjon og utvikling gjennom god samhandling med samfunns-, arbeids- og næringsliv. Avdelinga har også ansvar for kurs og arrangement, administrativt ansvar for HVL si satsing på studentinnovasjon, og eit koordinerande ansvar for HVL sitt arbeid med livslang læring.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil. Som ein del av dette arbeidet jobbar vi systematisk med å vidareutvikle støttesystem og verktøy for samhandling internt og eksternt. Dette omfattar samarbeid mellom fakultet og administrative einingar, oppfølging mot samarbeidspartnarar, alumni-satsing og campusutvikling.

Avdeling for samfunnskontakt søkjer etter ein rådgjevar (seniorrådgjevar) som er strukturert, pliktoppfyllande, og som har gode samarbeidsevner. Den gode kandidaten er løysningsorientert og evnar å arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med teammedlemer/faggruppemedlemer og andre ressursar i organisasjonen når det er trong for det.

Rådgjevaren inngår i team for samfunnskontakt, og rapporterar til avdelingsleiar i Avdeling for samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring, som er i linja til prorektor for regional utvikling.

Arbeidsstaden er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Koordinering av HVL sitt samarbeid med samfunns-, arbeids- og næringsliv, herunder systematisering og oppfølging eksternt og internt
  • Nettverksarbeid
  • Kontaktpunkt i HVL for omgjevnadane kring campus
  • Arbeid med politikk som vedkjem HVL, inkl. politikar- og myndighetskontakt, og arbeid med politiske plan- og styringsdokument
  • Utgreingar, analysar og saksførebuing på aktuelle område
  • Leiarstøtte
  • HVL si satsing på livslang læring
  • Bidra i arbeidet med campusutvikling
  • Bidra til HVL si studentinnovasjonssatsing
  • Støtte til gjennomføring av arrangement med eksterne og interne målgrupper ved campus
  • Vidareutvikling av støttetenester for leiing og for fakulteta
  • Oppfølging av måltal knytt til relevante styringsparametrar
  • Prosjektleiaransvar må påreknast

Rådgjevaren vil jobbe i team/fagruppe med dei andre samfunnskontaktane ved HVL sine fem campus

Kvalifikasjonskrav:

Formelle krav:

  • Høgare utdanning med relevans for stillinga, minimum bachelorgrad, gjerne mastergrad
  • Relevant administrativ erfaring
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk, og engelsk er ein føresetnad.

Ønska kompetanse:

  • Erfaring med prosjektleiing
  • God kjennskap til høgare utdanning og høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • Erfaring frå arbeid med utdannings- og forskingspolitikk

For søkjarar med omfattande fagadministrativ erfaring og spesialkompetanse på høgt nivå innanfor stillinga sitt funksjonsområde, kan stilling som seniorrådgjevar vurderast.

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer ein rådgjevar som er strukturert, løysingsorientert, pliktoppfyllande, og som har gode samarbeidsevne. Den føretrekte kandidaten evnar å arbeide både sjølvstendig og i tett samarbeid med teammedlemer og andre ressursar i organisasjonen når det er trong for det.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som samfunnskontakt er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.

For særleg kvalifiserte søkjarar kan tilsetjing i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar vurderast.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • John Tveit, Avdelingsleder ved Avdeling for samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring, john.tveit@hvl.no / +47 980 28 771

Søk stilling

Powered by Labrador CMS