LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar - Medielab

Søknadsfrist: 18.05.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Medielab er Høgskulen på Vestlandet sitt laboratorium for digitale medier og teknologi. Vi tilbyr rådgivning, utvikling og formidling innen undervisning, forskning og innovasjon. Vårt arbeid omfatter flerkameraproduksjon, foto, dokumentarfilm, designtjenester og utvikling av ny teknologi. Medielab drifter også Læringslab på alle campus.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning - Medielab - har ledig ei 100% fast stilling som rådgjevar

Medielab ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) søkjer ein engasjert og dyktig medarbeidar med relevant erfaring innan programvareutvikling og teknologisk innovasjon. Vi søkjer ein medarbeidar med gode kommunikasjonsevner, som trivst i eit tverrfagleg miljø og ønskjer å utforske og implementere ny teknologi innan utdanning og forsking.

Vi ser etter deg som kan ha ulike roller i eit utviklingsteam, frå prosjektleiing til programvareutvikling. Som ein del av vårt kreative og framtidsretta team vil du få moglegheiten til å bidra i forskings- og utviklingsprosjekt knytte til nye teknologiar i universitets- og høgskulesektoren.Du vil ha ein sentral rolle i å utvikle og teste applikasjonar og system internt i eininga og i samarbeid med ulike fagmiljø, samt bidra med teknisk rådgiving. Nødvendig opplæring vil bli gitt. Arbeidsplass vil vera campus Bergen, men HVL er ein fleirkampusinstitusjon og noko reiseverksemd må påreknast.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Delta i innovasjons-, forskings- og utviklingsprosjekt knytte til nye teknologiar i UH-sektorenTeknisk prosjektleiing.
  • Utvikle og teste applikasjonar og system for utdanning og forskingsområde.
  • Utforske og implementere ny teknologi med relevans for undervisning, forsking og læring.
  • Handtere fleire teknologiar og prosjekt samtidig, i samarbeid med kollegaer i Medielab.
  • Bidra med både teknisk rådgiving, opplæring og rettleiing.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant utdanning på minst bachelornivå innan IT, teknologiutvikling, innovasjon, spelutvikling eller anna relevant utdanning.
  • Dokumentert erfaring med programvareutvikling.
  • Gode språkferdigheiter skriftleg og munnleg i norsk og engelsk.

Ønskja kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå team- og prosjektarbeid.
  • Kunnskap om, eller interesse for ny læringsteknologi som VR/XR/AR.
  • KI kompetanse.
  • Erfaring med Frontend: React, NextJS, vue eller lignende og/eller backend: Java, C# eller lignende.
  • Apputvikling i rammeverk som Flutter, React Native eller lignende.
  • Kunnskap om databasesystemer, enten SQL eller NoSQL.
  • Erfaring med spelmotorer som eksempelvis Unity eller Unreal Engine.
  • Kjennskap til 3D-utvikling, spelutvikling og gamification.

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og handtere fleire prosjekt og teknologiar samstundes
  • Strukturert og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonseigenskapar
  • Interesse for ny teknologi og innovasjon
  • Ønske om å vidareutvikle seg innan Medielabs fagområde

Personlege kvalifikasjoner og eigenskaper vil bli vektlagt. 

For særs kvalifiserte søkjarar kan stilling som seniorrådgjevar vuredrast.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Einingsleiar Sigrid Jordal Havre, tlf: 55 58 58 15, e-post: Sigrid.Jordal.Havre@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS