LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgivar / studierettleiar (campus Sogndal)

Søknadsfrist: 15.02.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 630 studentar og 553 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig ei fast stilling i 100 % som rådgivar i studieadministrasjonen, campus Sogndal

Om stillinga 

Sentralt i stillinga er studierettleiing, saksbehandling, informasjonsarbeid og arbeid med kvalitet i utdanningane ved FLKI. Ein stor del av stillinga vil vere knytt til administrasjon i grunnskulelærarutdanningane og praktisk-pedagogisk utdanning. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene, som spenner frå rutinearbeid til arbeid med utvikling og kvalitetssikring av studieprogramma. Som del av studierettleiarstillinga vil oppgåver knytt til strategiske satsingar, t.d. internasjonalisering og livslang læring, vere aktuelt. Stillinga krev stor grad av sjølvstende.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Koordinerande oppgåver og praktisk tilrettelegging i studieprogramma
  • Rettleiing av studentar i studieadministrative saker 
  • Sjølvstendig og krevjande saksbehandling 
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar og tilsette
  • Administrativ kvalitetssikring av studieprogram og emne 
  • Registrering og kvalitetssikring av studentopplysningar og individuelle utdanningsplanar 
  • Utviklingsoppgåver og analyse knytt til utdanningskvalitet, system og rutinar 
  • Saksførebuing til råd, utval og leiargrupper 

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis masternivå 
  • Relevant administrativ erfaring 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk 
  • God digital kompetanse 
  • Analytisk kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå universitets - og høgskulesektoren
  • Erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • Erfaring frå utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarleg
  • Løysingsorientert og fleksibel
  • Utviklingsorientert og initiativrik 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Studieadministrativ leiar, Eli Hilde Borsholm, tlf: 55 58 59 57/ 92 02 91 50 

2) Fagansvarleg studiesaker, Trude Vengen Jensen, tlf: 55 58 59 74/ 97 56 44 28

Søk stilling

Powered by Labrador CMS