LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Professor i spesialpedagogikk

Søknadsfrist: 02.01.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.
Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har ca. 190 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som professor i spesialpedagogikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillinga inngår i Instiutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, campus Bergen.

Stillinga er knytt til pedagogikk-fagmiljøet for grunnskulelærarutdanningane i eit av dei største pedagogiske fagmiljøa i landet. Fagmiljøet er stort og dynamisk med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og med brei kompetanse innanfor spesialpedagogikk, profesjonsretta pedagogikk og allmennpedagogikk. I tillegg til å bidra i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, deltar fagmiljøet også i desentralisert kompetanseutvikling og i etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er og aktivt deltakande i andre masterutdanningar og i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar».

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Forskings- og utviklingsarbeid med klar relevans for stillingsprofilen. Fakultetet har 5 strategiske forskingsprogram (Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar; Språk, kommunikasjon og læring; Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking; Berekraft, medverknad og mangfald og Idrett, fysisk aktivitet og kosthald) og det blir forventa at dei tilsette bidreg med forsking innretta mot eitt eller fleire av programma.
  • Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Desse oppgåvene vil vere knytt til grunnskulelærarutdanningane. Det kan og vere aktuelt med oppgåver innan bachelor-, master-, og Ph.d.-utdanning og innanfor etter- og vidareutdanning
  • Institusjonsbyggjande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
  • Leie og delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Den som blir tilsett må ha professorkompetanse i spesialpedagogikk.Det kan bli aktuelt å tilsette ein professorkompetent person med ph.d.-grad i pedagogikk, psykologi, barnevernspedagogikk, sosialpedagogikk eller tilsvarande med klar spesialpedagogisk relevans innan fagområdet språk-, lese- og skrivevanskar.

Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.

Undervisningsspråket er norsk og søkarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga:For stilling som professor skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL.

Følgande spesialpedagogiske kompetanse teller særleg positivt i vurderinga i rangeringa mellom kvalifiserte søkarar:

  • Språk-, lese- og skrivevanskar, og begynnaropplæring
  • Spesialpedagogisk grunnlagstenking, særleg knytt til forholdet mellom historiske/tradisjonelle og nyare tilnærmingar til faget, og til politisk-pedagogiske omgrep som tilpassa opplæring, individuelt tilrettelagt undervisning, og inkludering
  • Berekraftstenking innanfor spesialpedagogikk
  • Systemorienterte og/eller transaksjonsanalytiske tilnærmingar til faget
  • Styrke-orienterte tilnærmingar til utfordringar knytt til utdanning, skule og klasseromsarbeid innanfor spesialpedagogikk
  • Kunstbaserte tilnærmingar i forsking og undervisning i faget
  • Fenomenologiske/eksistensielle tilnærmingar til faget
  • Kvantitativ forskingsmetode

Følgande generelle vitskapleg og pedagogisk kompetanse teller positivt i rangeringa mellom kvalifiserte søkarar:

  • Erfaring frå initiering og leiing av forskings- og utviklingsarbeid, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering
  • Relevant nasjonalt og internasjonalt forskarnettverk og forsking som kan bidra inn i forskingsprogramma på fakultetet
  • Erfaring frå ph.d.- rettleiing og rettleiing av kollegaer
  • Gode munnlege formidlingsevner vist gjennom prøveundervisning
  • Relevant pedagogisk erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring eller høgare utdanning
  • Internasjonal erfaring eller erfaring med minoritetsspråklege elevar

Hvordan søke på stillingen?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - Professor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS