LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET
Vitskapleg assistent til prosjektet DEPICT
Søknadsfrist: 13.02.2023

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i inntil 70% som vitskapleg assistent til prosjektet DEPICT ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Bergen
Stillinga er knytt til prosjektet «Avbilding i teiknspråk, som ein drivkraft til å fremja inkludering, kommunikasjon og omsetjing (DEPICT)» som blir finansiert med midlar frå Noregs forskingsråd. Målet for prosjektet er å undersøkja avbilding og kva rolle det har i kommunikative praksisar hos teiknspråkbrukarar.
Prosjektet har seks ulike arbeidspakkar. Stillinga gir gode høve til fagleg utvikling, og vil gi innsikt i vitskapleg arbeid og metode.
Stillinga har oppstart snarast fram til 30.06.2024. Det kan bli moglegheit for forlenging.
Ansvars- og arbeidsområde:
- Delta i forskingsaktivitetane for prosjektet, som til dømes datainnsamling, annotering, analyse og rapportskriving.
- Samarbeide med interne og eksterne forskarar om forskingsaktivitetane.
- Bistå i samarbeidet med interne og eksterne nettverk.
- Etter behov, hjelp til med andre oppgåver relatert til prosjektet.
Kvalifikasjonar:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
Kvalifikasjonar:
- Relevant utdanning innan teiknspråk (til dømes 80 studiepoeng i teiknspråk, eller bachelor i teiknspråk og tolking).
- L1 (førstespråk/morsmål) eller liknande ferdigheiter i eit teiknspråk.
Ønskte kvalifikasjonar:
- Erfaring frå forsking eller praktisk erfaring som vitskapleg assistent.
- Kompetanse i fleire teiknspråk enn norsk teiknspråk.
- Kompetanse i skriftleg norsk.
- Kompetanse i skriftleg engelsk.
Personlige eigenskapar:
- God evne til sjølvstende og systematisk arbeid.
- Analytisk.
- Liker utfordringar.
- Gode samarbeidsevner.
- Høgt etisk medvit i møte med dei ulike aktørane i forskingsprosjektet.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Tilsetjingsorgan er Tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling.
- Moglegheit for trening i arbeidstida.
Stillinga som vitskapleg assistent er løna etter Statens lønnsregulativ, i stillingskode 1018/1019/1020.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Assisterande instuttleiar Kristin Ran Choi Hinna, tlf. eller e-post: [email protected]
2) Førsteamanuensis Gro Hege Saltnes Urdal, tlf. 55 58 59 61 eller e-post: [email protected]