LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Vitskapleg assistent innan prosjektet DEPICT

Søknadsfrist: 11.12.2024

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i 50% som vitskapleg assistent innan forskninsprosjektet DEPICT ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen, er det ledig én stilling som vitskapleg assistent innan prosjektet DEPICT. Stillinga er ledig i tida 01.01.2025 - 31.12.2025.

Det er ønskeleg med tiltreding 01.01.2025 eller snarast mogeleg.

Ansvars- og arbeidsområde:

I stillinga vil du primært:

  • Stillinga er knytt til prosjektet «Avbilding i teiknspråk, som ein drivkraft til å fremja inkludering, kommunikasjon og omsetjing (DEPICT)» som blir finansiert med midlar frå Noregs forskingsråd.
  • Målet for prosjektet er å undersøkja avbilding og kva rolle det har i kommunikative praksisar hos teiknspråkbrukarar. Prosjektet har seks ulike arbeidspakkar. Stillinga gir gode høve til fagleg utvikling, og vil gi innsikt i vitskapleg arbeid og metode.

Som vitskapleg assistent vil du:

  • Delta i forskingsaktivitetane for prosjektet, som til dømes datainnsamling, annotering, analyse og rapportskriving. 
  • Samarbeide med interne og eksterne forskarar om forskingsaktivitetane. 
  • Bistå i samarbeidet med interne og eksterne nettverk. 
  • Etter behov, hjelp til med andre oppgåver relatert til prosjektet.

Kvalifikasjonar:

Kvalifikasjonskrav:

Kriterier for ansettelse i undervisnings- og forskerstillinger fremgår av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger jf. Forskrift til universitets- og høyskoleloven § 13-2 (1). 

Kvalifikasjonar:

Relevant utdanning innan teiknspråk (til dømes 80 studiepoeng i teiknspråk, eller bachelor i teiknspråk og tolking). L1 (førstespråk/morsmål) eller liknande ferdigheiter i eit teiknspråk.

Følgjande tel positivt:

  • Erfaring frå forsking eller praktisk erfaring som vitskapleg assistent
  • Kompetanse i fleire teiknspråk enn norsk teiknspråk
  • Kompetanse i skriftleg norsk. Kompetanse i skriftleg engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • God evne til sjølvstende og systematisk arbeid
  • Analytisk
  • Liker utfordringar
  • Gode samarbeidsevner
  • Høgt etisk medvit i møte med dei ulike aktørane i forskingsprosjektet

Stillingskategorien vitenskapelig assistent er regulert av Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat, fastsatt av Kunnskapsdepartementet 31.1.2006 med heimel i Universitets- og høgskulelova. §1-4. I forskrifta står det mellom anna at "stillingen kan ikke besettes av personer som tidligere har vært ansatt i stipendiatstilling eller har oppnådd tilsvarende kompetanse.» Det betyr at søkjarar med doktorgrad eller tilsvarande, eller søkjarar som har hatt ei stilling som ph.d.-stipendiat, ikkje vil bli vurdert som kvalifisert for stillinga.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som vitskapleg assistent vert løna i stillingskode 1019 eller 1020

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Kjetil Sønnesyn, e-post: Kjetil.Sonnesyn@hvl.no

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS