Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 5000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Bli med og form framtida gjennom engasjerande undervisning og forsking i matematikkdidaktikk. Her får du kombinere studentaktive læringsformer med samarbeid på tvers av fagmiljø og partnarskular.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast 100 % stilling som høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Dette er ei stilling som gir deg høve til å forme framtida gjennom undervisning og rettleiing i matematikkdidaktikk. Du får kombinere studentaktive læringsformer med forsking og utvikling, og bidra til å styrke praksisutdanninga i samarbeid med partnarskular. Arbeidet spenner frå undervisning og fagutvikling til internasjonalisering og prosjektfinansiering – alt med digitale verktøy som ein naturleg del av kvardagen. Ei rolle for deg som vil vere med å byggje institusjonen og inspirere komande generasjonar.
Stillinga inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, og har campus Stord som arbeidsstad. Ønskja oppstart i stillinga er 01.02.2026 eller etter nærmare avtale.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, rettleiing, vurdering, praksisoppfølging og utvikling av studentaktive læringsformer i matematikkdidaktikk knytt til grunnskulelærarutdanningane (1–7 og 5–10), barnehagelærarutdanninga og etter- og vidareutdanningar, samt master-utdanning. I tillegg vil arbeidsoppgåver knytt til tilskotsordningar som ReKomp, DeKomp og Kompetanseløftet m.m. være aktuelt.
Ein mindre del av arbeidsoppgåvene vil vere forsking- og utviklingsarbeid med relevans for instituttet sine fagområde
Bidra til student- og kollegainvolvering i forskingsprosjekt og i samarbeid med andre aktørar, for eksempel partnarskular og utvikle studentane si praksisutdanning.
Institusjonsbyggjande arbeid irekna fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
Delta i utvikling av forskingsprosjekt og utarbeide søknader om ekstern finansiering samen med kollegaer i fagmiljøet
Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
Reising i stillinga kan bli aktuelt i nokre tilfelle der undervisning bli lagt utanfor campus Stord, og ein må kunne undervise i nettbaserte emne
For fast tilsetjing som høgskulelektor må søkar ha avlagt master/hovudfag i matematikkdidaktikk eller innan eit anna fagområde med klar relevans for matematikk i lærarutdanningane
For tilsetjing som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva
Den som blir tilsett, må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanning, også på nett. Det vil bli lagt vekt på didaktisk og pedagogisk kompetanse og dokumentert praksis og forsking- og/eller utviklingsarbeid av didaktisk karakter. Det må og dokumenterast fordjuping i matematikk
Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga
Språkkrav:
Undervisningsspråket er norsk, og søkarar må meistre norsk
Personlege eigenskapar:
Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
Høgt etisk medvit er eit krav
Den som blir tilsett må vere personleg eigna for stillinga
Følgande tel positivt i vurderinga
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt innan matematikkdidaktikk, fortrinnsvis relatert til skule og/eller barnehage, irekna erfaring med å skaffe ekstern finansiering og utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt med praksisfeltet
Relevant regionalt, nasjonalt og internasjonalt nettverk
Undervisningserfaring i matematikkdidaktikk på bachelor- og masternivå
Relevant og nyare erfaring frå barnehage og grunnskule
God kjennskap til norsk skule og barnehage generelt og lærarutdanningane spesielt
Kunnskap om og erfaring med relevante kvantitative og kvalitative forskingsmetodar
Relevant programeringskompetanse for bruk i matematikkfaget i skulen
Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
Kunnskap om byrjaropplæring
Utdanningsfagleg kompetanse for høgskulelektor:
Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning eller undervisning og rettleiing. Kvalifikasjonar innanfor undervisning i grunnskule vil bli tillagt vekt.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
Attestar og vitnemål
Ev. vitskapleg arbeid (inntil 5 stk.) og fullstendig publikasjonsliste
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.