Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig inntil to mellombelse stillingar, eller fleire stillingar som til saman utgjer 200%, som høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillingane
Stillingane inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, campus Sogndal, og er ledig i tida 01.08.2025 - 31.01.2027.
Arbeidsstaden er campus Sogndal.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i studietilsynsforskrifta.
Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, rettleiing, vurdering, praksisoppfølging og utvikling av studentaktive læringsformer i matematikk/matematikkdidaktikk i grunnskulelærarutdanningane (1–7 og 5–10) og etter- og vidareutdanningar. I tillegg kan arbeidsoppgåver knytt til barnehagelærarutdanninga og tilskotsordningar som ReKomp, DeKomp og Kompetanseløftet m.m. vere aktuelt.
Det kan bli aktuelt med noko reising i stillinga, og undervisning kan i nokre tilfelle bli lagt utanfor campus Sogndal
Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha avlagt master/hovedfag i matematikkdidaktikk/matematikk/statistikk eller master i utdanningsvitskap/master i læring og undervisning med masterfag matematikk, GLU-master med masterfag matematikk eller innanfor eit relevant realfag med relevans for matematikk i lærarutdanningane som til dømes fysikk/fysikkdidaktikk.
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, og med relevans for stillingsprofilen.
Den som blir tilsett, må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanningane og på EVO, også på nett.
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
Høgt etisk medvit i møte med studentar og tilsette er påkravd.
Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
Undervisnings- og administrasjonsspråket er norsk, og søkjarar må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
Formell praktisk-pedagogisk kompetanse
Didaktisk kompetanse og relevant erfaring frå barnehage, grunnskule og/eller høgare utdanning
God kjennskap til norsk skule og barnehage generelt og lærarutdanningane spesielt
Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT
Relevant IKT/programmeringskompetanse for bruk i matematikkfaget i skulen
Kunnskap om byrjaropplæring.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Attestar og vitnemål
Ev.
Dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse
Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.) og fullstendig publikasjonsliste
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending behandlingen av søknadane.