LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Høgskulelektor i kjemiteknikk - Vikariat

Søknadsfrist: 17.03.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 årsverk og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 3260 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Institutt for Sikkerhet, kjemi- og bioingeniørfag har over 60 tilsette i heiltids- og deltidsstillingar. Instituttet har tre bachelorprogram og to masterprogram. I Bergen har ein bachelorprogram for bioingeniørutdanning og kjemiingeniørutdanning samt masterprogram i medisinsk laboratorieteknologi. I Haugesund har ein bachelorprogram for branningeniørutdanning og masterprogram i brannsikkerheit. Instituttet har laboratorier med topp moderne instrumentpark, ein brei forskningsaktivitet og eit nært samarbeid med mange bedrifter i regionen.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig eit vikariat som høgskulelektor i kjemiteknikk ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnvitskap, Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag, campus Bergen.

Om stillingen:

Kjemiingeniørfag, som høyrer til Institutt for sikkerheit, kjemi- og ingeniørfag ved Høgskulen på Vestlandet, har eit ledig vikariat som høgskulelektor for fagområdet kjemiteknikk. 

Dette er ei 100% undervisingsstilling som i hovudsak gjeld undervising av prosessemne innan fluidmekanikk, prosessovervaking, varmetransport og varmeoverføring, samt seperasjon og reinseteknologi.

Undervisingsoppgåvene vil også bestå av rettleiing av studentar i samband med simulering av prosessar, fortrinnsvis ved bruk av simuleringsprogramvaren HYSYS. Rettleiing av studentar i eksperimentelt arbeid på laboratoriet er også aktuelt.

Arbeidsstad er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Undervising av studentar, hovudsakleg fysisk på campus.
  • Rettleiing av studentar i samband med bruk av simuleringsprogramvare.
  • Rettleiing av studentar på laboratoriekurs.
  • Rettleiing og vurdering av studentarbeid (innleveringar, rapportar).
  • Utarbeiding av eksamensoppgåver og retting av desse.

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetjing i stilling som høgskulelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .

Formell utdanning og kompetanse:

  • For tilsetjing i stilling som høgskulelektor i kjemiteknikk krevjast det master i kjemi- og prosessingeniørfag, eller tilsvarande utdanning.
  • Utdanningsfagleg kompetanse.
  • Undervisingsspråket er norsk og søkjarar må beherske norsk på minimum nivå B2, eller anna skandinavisk språk.
  • Relevant yrkes- eller undervisingserfaring.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå undervising/forelesing, samt rettleiing av studentar i laboratorie vil vektleggast.
  • Erfaring med simuleringsprogramvare, fortrinnsvis HYSYS, vil telle positivt.
  • Relevant arbeidserfaring er eit føremon.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig er viktig.
  • Evne til formidling vert vektlagt og vil bli vurdert basert på prøveforelesing.
  • Høg arbeidskapasitet er fordelaktig.

Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.Søkjarar som ved tilsetting ikkje fyller kravet til utdanningsfagleg kompetanse må oppfylle dette innan to år etter tilsetting. HVL tilbyr kurs i høgskulepedagogikk.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no

Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master- eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor i kjemiteknikk er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Kontaktperson(-er) ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar, Kristin Kvamme, +47 55 58 75 69

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS