Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram. Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Ved Institutt for velferd og deltaking er vi 100 ansatte og 1300 studenter fordelt på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i sosialvitskap, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse - og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.
Ledig vikariat
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling (100%) som høgskulelektor/høgskulelærar i helsefag ved Fakultet for helse-og sosialvitskap – campus Sogndal
Stillinga er plassert ved Institutt for velferd og deltaking, fagseksjon vernepleie. Arbeidsstaden er Sogndal
Arbeidsområdet for stillinga vil i hovudsak vera knytt til dei helsefaglege emna i vernepleieutdanninga, men ein må også rekne med undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved andre studietilbod i instituttet.
Stillinga er ledig i perioden 01.12.2024 - 31.10.2025.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stillinga har slike hovudarbeidsoppgåver:
Undervisning, ferdigheitstrening og praksisoppfølging av studentar ved fagseksjonen sine studieprogram
Emneansvar og deltaking i utviklingsarbeid kan også vera aktuelt
Kvalifikasjonar:
Formell utdanning og kompetanse:
For tilsetting som høgskulelærar er det krav om fullført bachelorgrad i vernepleie eller sjukepleie, for tilsetting som høgskulelektor er det i tillegg krav om relevant helsefagleg mastergrad
Relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
Utdanningsfagleg kompetanse på grunnlag av utdanning eller frå erfaring med undervisning og rettleiing
Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og varierte undervisningsformer
Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må beherske norsk eller anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk
God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar:
Sjølvstendig og ansvarleg
Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer
God evne til formidling
Engasjement og interesse for fagleg utvikling
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg, attestar og vitnemål, er lagt inn innan fristen.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er lønna etter Statens lønsregulativ, enten som høgskulelektor - stillingskode 1008, eller som høgskulelærar - stillingskode 1007.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova, kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bede om å ikkje bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom førespurnad om unntak for offentleggjering ikkje vert teken til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.