LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorkonsulent - arealforvaltning og timeplanlegging

Søknadsfrist: 23.04.2024

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

HVL sin fellesadministrasjon for økonomi og arealforvaltning er leia av økonomi- og arealdirektøren, som har det overordna ansvaret for området. 

Avdeling for arealforvalting, drift og utvikling har ansvar for høgskulen sine drifts- og servicetenester og forvalting av areal. 

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for areal, drift og utvikling, er det ledig ei fast stilling som seniorkonsulent

Om stillinga

Stillinga er plassert i Eining for areal, som tek hand om fakulteta sine timeplanar og som har forvaltningsansvar for høgskulen sine lokale.

Den som blir tilsett i stillinga vil i hovudsak jobbe med fakulteta sine timeplanar og med arealforvaltning knytt til arbeidsplassar, arrangement og leigetakarar på campus Sogndal. Stillinga skal også bidra i aktivitetar og oppgåver som avdelinga har ansvar for på tvers av studiestadane. Det er ønskjeleg med tiltreding i stillinga innan 1. september 2024.

Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Ansvar for fakulteta sine timeplanar
  • Arealforvaltningsoppgåver knytt til arbeidsplassar, arrangement og leigeforhold
  • Arbeid i felles innmeldingsportal ved ening for areal
  • Arbeid med timeplanar og arealforvaltning på tvers av campusa
  • Arbeid med rutineoppgåver og dagleg drift i eininga

Kvalifikasjonar:

Utdanning og kompetanse:

  • Bachelorgrad eller utdanning på tilsvarande nivå, med relevans for stillinga. Særleg relevant og solid realkompetanse kan kompensere for kravet om fullført bachelorgrad
  • Gode IKT kunnskapar. Erfaring med bruk av UH-sektoren sine IT-verktøy og fellessystem er ein fordel
  • Gode ferdigheiter i norsk og i engelsk, både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Flink til å kommunisere
  • Tillitsskapande og flink til å byggje gode relasjonar på tvers av faglege og organsiatoriske skilje
  • Samarbeider godt med andre - er løysingsorentert og fleksibel
  • Tek initiativ og ansvar i oppgåveløysinga
  • Sjølvstendig og strukturert i arbeidsutføringa

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving- og utvikling
  • Høve til å trene i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 seniorkonsluent

Frå løna blir det trekt 2 % i innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søkje på stillinga? 

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan bli brukt i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS