LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Studierettleiar / praksiskoordinator - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Søknadsfrist: 02.05.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 850 studentar og 545 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig vikariat i 100 % som seniorkonsulent i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, campus Bergen.

Stillinga vil vere knytt til administrasjon av studieprogram ved fakultetet. Hovudområda for stillinga vil vere studierettleiing, praksisorganisering, saksbehandling, informasjonsarbeid og arbeid med kvalitet i utdanningane. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene, som spenner frå rutinearbeid til arbeid med utvikling og kvalitetssikring av studieprogramma. 

Vikariatet er ledig i perioden 01.08.2025-30.06.2026. Arbeidsstad er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Rettleiing av studentar i studieadministrative saker 
  • Sjølvstendig saksbehandling og avtale-/kontraktsarbeid
  • Koordinering av praksis og praktisk tilrettelegging i studieprogramma
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar, tilsette og eksterne samarbeidspartar
  • Arrangere og halde fysiske og digitale møte med studentar, tilsette og eksterne deltakarar
  • Administrativ kvalitetssikring av studieprogram og emne 
  • Registrering og kvalitetssikring av studentopplysningar og individuelle utdanningsplanar 
  • Utviklingsarbeid knytt til system, rutinar og utdanningskvalitet 
  • Saksførebuing til leiargrupper 

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå 
  • Relevant administrativ erfaring 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse 

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • Erfaring frå barnehage eller skule
  • Erfaring frå utviklingsarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarleg
  • Løysingsorientert, fleksibel og initiativrik 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 seniorkonsulent. For særleg kvalifiserte søkjarar kan stillingskode 1434 rådgivar bli vurdert.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stilling

Spørsmål om stillinga

  • Eli Borsholm (Studieadministrativ leiar), +47 55 58 59 57, Eli.Borsholm@hvl.no
  • Trude Vengen Jensen (Fagansvarleg studiesaker), +47 55 58 59 74, Trude.Vengen.Jensen@hvl.no
Powered by Labrador CMS