LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Seniorkonsulent / rådgjevar - læringslab

Søknadsfrist: 01.09.2024

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for utvikling av læring og undervising (ALU) har ansvar for høgskulens UH-pedagogiske arbeid. Ansvarsfeltet favner utdanningsfagleg kompetanse der fagdidaktikk og digitale arbeids- og læringsformer er viktige komponentar. ALU har ansvar for at høgskulen har eit solid tilbod til tilsette innanfor UH-pedagogikk, gjev støtte til digitale arbeids- og læringsformer og tilrettelegjer for sterke fagdidaktiske miljø i høgskulens utdanningstilbod. ALU deltar også aktivt i HVLs forsking på eigne utdanningar

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utvikling av læring og undervisning - Medielab - har ledig vikariat i 100% stilling som seniorkonsulent/rådgjevar 

Den ledige stillinga som seniorkonsulent/rådgjevar er eit vikariat i 100% stilling i eitt år som vertskap og formidlar i Læringslabane ved campus Stord og campus Bergen. 

Stillinga er knytt til Medielab, som er ein del av Avdeling for utvikling av læring og undervisning (ALU) i høgskulen sin fellesadministrasjon. Medielab er høgskulen si komptanseeining for medieproduksjon og bruk av ny teknologi i undervisning, forsking og formidling - og er ansvarleg for drift av læringslabane ved høgskulen.

Læringslabane er HVL si førstelinjeteneste for hjelp til sjølvhjelp innanfor ny teknologi, og kan nyttast både av enkeltpersonar og grupper som ønskjer å utvikle seg innan læring, utvikle ny undervisning eller prøve ut nye digitale arbeidsmåtar. Vi søkjer ein motivert og kompetent medarbeidar med høg digital kompetanse og interesse for pedagogisk bruk av ulike typar læringsteknologi. Personen må ha gode formidlingsevner og kompetanse innan lyd- og medieproduksjon. Stillinga vil gje den som vert tilsett høve til å arbeide med varierte oppgåver i eit kreativt miljø, som vil gje ettertrakta kompetanse og erfaring. Den ledige stillinga inngår i faggruppa Læringslab som består av læringslab-vertar frå alle høgskulen sine fem campus. Hovudarbeidsstad er enten campus Stord eller campus Bergen. I 50% av tida må ein vera tilstades på den av campusane som ikkje er hovudarbeidsstad. Utgifter til reise mellom dei to campusane vil bli dekka av arbeidgivar. 

Naudsynt opplæring vil bli gitt.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Vere vertskap i Læringslab. 
  • Teknisk- og pedagogisk brukarstøtte og rådgjeving i Læringslab. 
  • Administrere booking av rom og teknologi til utlån. 
  • Drift- og vedlikehaldsansvar for lokaler og utstyr i Læringslab, inkludert video- og AV-utstyr. 
  • Administrere og rettleie praksiselevar og studentassistentar i Læringslab. 
  • Halde korte kurs og workshops i Læringslab.
  • Ha teknisk ansvar ved gjennomføring av podcast, video- og anna medieproduksjon i Læringslab.
  • Bistå med teknisk avvikling av arrangement på campus.
  • Inngå i Medielab sitt produksjonsteam i arbeid med lyd-, bilde- og multimedieproduksjon. 
  • Nettverksarbeid, samt utvikling og vedlikehald av interne og eksterne samarbeidsflater.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant medieteknisk og/eller pedagogisk utdanning, helst på masternivå. For stilling som seniorkonsulent kan lang og relevant erfaring/praksis kompensere for delar av utdanningskravet.
  • Dokumentert høg digital kompetanse.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne, både på norsk og engelsk.

Ønskja kvalifikasjonar:

  • Høg kompetanse i lyd-, bilde- og multimedieproduksjon.
  • Erfaring frå team- og prosjektarbeid.
  • Kunnskap om, eller interesse for ny læringsteknologi som VR/XR/AR. 
  • Erfaring med utdanningsarbeid og/eller interesse for pedagogikk er ein fordel.
  • Interesse for droneflyging. 

Personlege eigenskapar:

  • Nyskjerrig og serviceinnstilt
  • Kreativ og løysingsorientert
  • Gode formidlingsevner
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og halde i fleire prosjekt samtidig. 

Personlege eigeskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som seniorkonsulent/rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363 - seniorkonsulent / 1434 - rådgjevar. 

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Einingsleiar, Sigrid Jordal Havre, telefon: +47 55 58 58 15e-post: sigrid.jordal.havre@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS