Seniorkonsulent / rådgjevar i fakultetsadministrasjonen - vikariat (campus Førde)
Søknadsfrist: 15.10.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, har ledig vikariat i 100% som seniorkonsulent/rådgjevar i fakultetsadministrasjonen.
Fakultetsadministrasjonen er lokalisert på alle HVL sine fem campus. Vikariatet har arbeidsstad på campus Førde, og varer til 30.06.2026, med moglegheit for forlenging.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Rettleiing av studentar i studieadministrative saker
Utføre studieadministrativt arbeid, inkludert kvalitetssikring av studieprogram, emne og studentopplysingar, sakshandsame ulike studentsaker, og førebu saker til råd og utval
Rettleiing av tilsette i bruk og integrasjon av relevante fagsystem og digitale læringsverktøy
Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle
Endringar i arbeidsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
Gode IKT-kunnskapar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Erfaring frå studieadministrativt arbeid ved høgskule eller universitet er ein fordel
Erfaring med bruk av Felles Studentsystem (FS) og Kjennskap til digitale læringsverktøy (som til dømes Canvas), er ein fordel
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner
Bidrar positivt til arbeidsmiljøet
Løysingsorientert og fleksibel i forhold til endringar i arbeidsoppgåver
God arbeidskapasitet
Evne til å setje seg raskt inn i nye oppgåver
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som seniorkonsulent/rådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1363/1434 - seniorkonsulent/rådgivar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vere tilstrekkeleg å legge ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.