Instituttleiar ved Institutt for velferd og deltaking
Søknadsfrist: 10.08.2025
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 5150 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.
Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG).
Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening og praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og simulering ved vårt avanserte simuleringssenter, SimArena. Fakultetet legger vekt på fleksible læringsformer og oppmodar studentane til å delta aktivt i forsking og utviklingsarbeid.
Ved Institutt for velferd og deltaking er vi om lag 100 tilsette og 1535 studentar fordelte på studiestadene Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i sosialvitskap, Psykisk helse og rusarbeid og Familieterapi og relasjonelt arbeid, i tillegg til andre etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse- og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det omfattar involvering av tenestemottakarar, deltaking i sivilsamfunn og arbeidsliv, samt støtte til individuell meistring og utvikling.
Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig åremålsstilling som instituttleiar ved Institutt for velferd og deltaking
Fakultet for helse og sosialvitskap søkjer instituttleiar for Institutt for velferd og deltaking i fireårig åremålsstilling, med tiltreding 01.01.2026.
Instituttleiar er ein del av leiargruppa ved fakultetet og rapporterer til dekan. Instituttleiar har det overordna ansvaret for instituttet, som består av fem fagseksjonar. Kvar fagseksjon har ein eigen leiar som rapporterer til instituttleiar og er med i instituttets leiargruppe.
Vi søkjer ein framtidsretta leiar, som er motivert for å bidra til å realisere strategien, måla og verdiane til høgskulen og fakultetet.
Som instituttleiar har du det strategiske og faglege ansvaret for instituttet sine studieprogram. Instituttets studieportefølje omfattar bachelorprogramma for barnevernspedagog, sosialt arbeid og vernepleie og masterprogramma for sosialvitskap, psykisk helse og rusarbeid, familieterapi og relasjonelt arbeid. Du har også ansvar for instituttets forskingsaktivitet og for å støtte opp under fakultetets forskingsambisjonar.
Instituttleiar skal delta i og vidareutvikle høgskulen sitt samarbeid med samfunns og arbeidsliv på heile Vestlandet og knyte sterke band mellom utdanning, forsking og nyskaping.
Instituttleiar har personalansvar for dei tilsette ved instituttet. Du skal sikre at både studentar og tilsette har eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø, prega av ein organisasjonskultur der demokrati og medverknad er ein viktig del av identiteten og styreforma.
Du har også ansvar for at instituttet sine ressursar blir utnytta effektivt og i samsvar med tildelt budsjett.
Den som vert tilsett må rekne med ein del reiseverksemd mellom campusane.
Arbeidsstad er ein av høgskulen sine campusar i Bergen eller Sogndal.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Fagleg kvalitet og vidareutvikling av utdanningane innanfor instituttet sine fagområde
Tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på phd-nivå
Stimulere instituttet sine tilsette til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet
Delta i og vidareutvikle høgskulen sitt samspel med samfunns og arbeidsliv
Utvikle synergiar mellom utdanning, forsking og nyskaping
Overhalde instituttet sine økonomiske rammer, og sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar
Ivareta og vidareutvikle eit trygt, inkluderande og stimulerande fag- og arbeidsmiljø for studentar og tilsette ved instituttet
Personal- og HMS-ansvar for instituttet sine tilsette
Internasjonalisering i utdanning og forsking innanfor instituttet sine fagområde
Andre oppgåver pålagt/gitt av dekan
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt
Generelle kompetansekrav:
God innsikt i høgskulen sitt samfunnsoppdrag
God erfaring frå og solid kunnskap om universitets- og høgskulesektoren
Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonane og praksisfelta som instituttet femnar om er ein føremon
God pedagogisk kompetanse, god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
God forståing for digitale løysingar
Forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald
God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk
Personlege eigenskapar:
Gode leiareigenskapar
Ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på samarbeid og medverknad
Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
Gode evner til kommunikasjon, samhandling, bygge tillit og relasjonar
Gjennomføringsevne, utvikling- og resultatorientert
Stort engasjement for å nå høgskulen og fakultetet sine ambisjonar
Må kunne handtere komplekse utfordringar
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som instituttleiar er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1475 - instituttleiar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.