LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Assisterande instituttleiar for GLU 5-10 ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

Søknadsfrist: 11.10.2024

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5800 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 140 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.

Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har ledig ei åremålsstilling som assisterande instituttleiar for GLU 5-10 ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett søkjer assisterande instituttleiar for grunnskulelærarutdanninga GLU 5-10 ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking i fireårig åremålsstilling, med tiltreding så snart som mogleg.

Assisterande instituttleiar skal bistå instituttleiar i leiinga av instituttet og vil ha personalansvar for delar av personalet i instituttet. Det faglege funksjonsansvaret inneber fagleg ansvar for instituttet sine fag eller kunnskapsområder i utdanningsprogram, overordna ansvar for oppfølging av studentar i programma og kopling mellom funksjonsområdet og fakultetet sin forskingsaktivitet.

I Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking er funksjonsansvaret i dag fordelt slik mellom dei ulike assisterande instituttleiarane:

  • Assisterande instituttleiar for barnehagelærarutdanningane (BLU)
  • Assisterande instituttleiar for grunnskulelærarutdanninga GLU 1-7
  • Assisterende instituttleiar for grunnskulelærarutdanninga GLU 5-10
  • Assisterande instituttleiar for bachelor- og masterutdanningar, vidareutdanningar og regional kompetanseutvikling

Arbeidsstad er Bergen, Sogndal eller Stord.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for fagleg kvalitet i utdanning og forsking innanfor delar av instituttet sine fagområde 
  • Leie arbeidet med å tilpasse instituttet sine fagområde til samfunnets behov og utvikle utdanningstilbod på bachelor- og masternivå, og bidra i arbeidet med utdanningstilbod på phd -nivå 
  • Stimulere instituttet sitt personale til kompetanseutvikling og til å utvikle og drive FoU-verksemd av høg kvalitet 
  • Sjå til at instituttet sine økonomiske rammer vert haldne, og sikre god og formålstenleg bruk av instituttet sine ressursar 
  • Bidra til at HVL rekrutterer best mogeleg kvalifiserte studentar og tilsette 
  • Ivareta personal- og HMS-ansvar for instituttet sine tilsette
  • Bidra til å utvikle instituttet for å oppnå strategiske mål
  • Legge til rette for digital vidareutvikling av utdanning og forsking
  • Stimulere dei tilsette til formidling av instituttet sine fag- og forskingsområde
  • Sjå til at instituttet er ein attraktiv arbeidsplass 
  • Leggje til rette for, og fremje samarbeid, på tvers av einingane i institusjonen 
  • Arbeide for internasjonalisering og innovasjon i utdanning og forsking 
  • Arbeide for godt læringsmiljø for studentane på sitt institutt 
  • Vidareutvikle relasjonane til relevante samarbeidspartnarar innanfor instituttet sine fagområde og tverrfaglege satsingsområde

Arbeidsoppgåvene kan bli endra som følgje av vedtak i HVL eller i fakultetet.

Mynde

Assisterande instituttleiar har mynde delegert frå instituttleiar og rapporterer til instiuttleiar. Vidare inngår assisterande instituttleiar i instituttet si leiargruppe og har medansvar for utvikling av instituttet i samsvar med høgskulen sin strategi, målsetjingar og verdigrunnlag.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse

  • Relevant høgare utdanning og høg vitskapleg kompetanse, helst på førstestillingsnivå
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innanfor instituttet sitt fag- og forskingsområde
  • Leiarerfaring, dokumenterte resultat frå fagleg leiarstilling og resultat frå strategi og endringsarbeid blir vektlagt.

Generelle kompetansekrav

  • God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
  • God kjennskap til og forståing for verdien av kontinuerleg arbeid med likestilling og mangfald i utdanningane og i rekrutteringa av studentar og tilsette
  • God pedagogisk kompetanse, m.a. god forståing for kunnskapsformidling og læreprosessar
  • Erfaring frå, og/eller solid kunnskap om, universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå og kjennskap til dei profesjonar og praksisfelt som instituttet femnar om er ein føremon
  • Erfaring med å utvikle og vedlikehalde relasjonar til ulike aktørar regionalt, nasjonalt og internasjonalt
  • God forståing for moglegheitene i digitale løysingar
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar

  • Gode leiareigenskapar og ein motiverande og inkluderande leiarstil med vekt på transparente prosessar, samarbeid og medverknad
  • Evne til strategisk heilskapleg perspektiv
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og relasjonar internt og eksternt
  • Gjennomføringsevne og resultatorientering
  • Løysings- og utviklingsorientering
  • Stort engasjement for å nå høgskulen sine ambisjonar.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med høve til kompetanseheving og utvikling
  • Høve til trening i arbeidstida

Stillinga som assisterande instituttleiar er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1473 - studieleiar.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følge.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følge av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS