LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Senioringeniør - Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag

Søknadsfrist: 06.07.2025

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 årsverk og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for ingeniør- og naturvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 3260 studentar. Fakultetet har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, samt PhD-utdanning innan datateknologi. Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling forskar på innovasjon og tilbyr masterutdanning innan innovasjon og entreprenørskap. Dykkarutdanninga tilbyr eittårig fagskuleutdanning.

Hovuddelen av fakultetets verksemd er i Haugesund, Bergen, Sogndal og Førde, men vi tilbyr også desentralisert utdanning på Stord.

Fakultetets verksemd er internasjonalt forankra og skjer i tett samarbeid med regionale bedrifter, klynger, helseføretak og offentleg sektor, inkludert andre institusjonar i universitets- og høgskulesektoren. Dette gjeld både forsking, utvikling, innovasjon og ikkje minst utdanning med studentprosjekt på alle nivå.

Institutt for Sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag har over 60 tilsette i heiltids- og deltidsstillingar. Instituttet har fire bachelorprogram og to masterprogram. I Bergen har ein bachelorprogram for bioingeniørutdanning, kjemiingeniørutdanning og prosessteknologiutdanning samt masterprogram i medisinsk laboratorieteknologi. I Haugesund har ein bachelorprogram for branningeniørutdanning og masterprogram i brannsikkerheit. Instituttet har laboratorier med topp moderne instrumentpark, ein brei forskingsaktivitet og eit nært samarbeid med mange bedrifter i regionen.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som senioringeniør ved Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap, Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag.

Om stillinga:

Vi søker ein dyktig og engasjert senioringeniør knytt til våre attraktive laboratorium med forskingsaktivitetar relatert til kjemi og materialteknologi. Den som blir tilsett i stillinga vil få eit medansvar for den overordna kjemikaliehandteringa inn mot forsking og utvikling (FoU) i Fakultet for teknologi-, miljø- og samfunnsvitskap (FTMS). Stillinga vil innebere eit breitt spekter av oppgåver innan kjemikaliehandtering, HMS-arbeid, drift og vedlikehald av laboratorieutstyr, rettleiing og opplæring, prosjektstøtte og deltaking i undervisning. 

Som senioringeniør ved Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag (ISKB) vil du vere eit viktig bindeledd mot andre institutt for å bidra til sikker bruk av kjemikaliar, effektiv drift av laboratorium samt høg kvalitet i produserte data og produkt.

Den som vert tilsett vil arbeide tett opp mot FoU-prosjekt og forskingsgrupper ved FTMS, saman med forskarar og doktorgradsstudentar, både nasjonalt og internasjonalt.

Arbeidsstad er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga er delvis knytt til eksternfinansierte forskingsprosjekt innan rein energi. Eit sentralt prosjekt for tida er HyValue som fire av fem institutt i fakultetet tek del i. HyValue er eit forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) finansiert av Noregs Forskingsråd. Her forskar ein på heile verdikjeda for hydrogen, frå produksjon til kommersialisering. 

Ein vil i tillegg vere tilknytt forskingsgruppa Avanserte nanomateriale for rein energi og helseapplikasjonar, ANCHEA, som driv forsking innan solcelleapplikasjonar, hydrogen, energilagring, biomedisinske applikasjonar, energipolitikk og leiing. Gruppa deltek i fleire internasjonale forskingssamarbeid. 

Viktige arbeidsoppgåver i stillinga som senioringeniør vil vere å gi teknisk-fagleg støtte i forskingsaktivitetar som involverer bruk av kjemikaliar, gassar og materiale med tilhøyrande instrumentering. Du vil få ansvar for enkelte spesialrom, og vil ha eit sjølvstendig ansvar for drift og vedlikehald av moderne instrument og laboratorieutstyr. Du vil vere med å utvikle og forbetre eksperimentelle oppsett saman med forskarar og hjelpe til med datainnsamling og analysar. Det er ei forventing om at du bidrar i planlegging og gjennomføring av forskingsprosjekt. Det er óg aktuelt med tilrettelegging og gjennomføring av laboratorieundervisning.

Stillinga som senioringeniør medfører også ansvar for å følgje opp og sikre rutinar for kjemikaliehandtering og at arbeidet i aktuelle laboratorium følgjer gjeldande HMS-regelverk. Du er då ansvarleg for rutinar og har ei rådgjevande rolle i samband med bestilling av kjemikaliar, registrering av kjemikaliar, risikovurderingar, sikker bruk av kjemikaliar og avfallshandtering. Ein viktig del av dette ansvaret inneber rettleiing og opplæring av kollegaer og andre brukarar av laboratoriet.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • minimum mastergrad i kjemi eller anna relevant fagområde 
  • relevant erfaring fra laboratoriearbeid med kjemikaliehandtering
  • god digital kompetanse
  • god forståing av arbeid med HMS i laboratorium 
  • gode kommunikasjonsevner både på norsk og engelsk 

Ønska kvalifikasjonar:

  • erfaring frå relevant prosjekt- og forskingsarbeid 
  • erfaring frå administrering av digitalt stoffkartotek
  • erfaring med opplæring og rettleiing
  • erfaring frå arbeid med nanomateriale vil telje positivt

 Personlege eigenskapar:

  • evne til sjølvstendig og nøyaktig arbeid
  • gode samarbeidsevner på tvers av fagmiljø 
  • evne til å bidra konstruktivt til eit godt arbeidsmiljø 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som senioringeniør er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1181.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Assisterende instituttleder Kristin Kvamme, E-post: kristin.kvamme@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS