Spennende jobbmulighet ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda!

Administrasjonssjef (Avdeling for mediefag) – st. nr.30/2022

Søknadsfrist: 23.05.2022

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4500 studentar og 380 tilsette. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, til Avdeling for mediefag (AMF) er det ledig ei heil stilling som administrasjonssjef frå 1.8.2022. Den som blir tilsett er leiar for avdelingsadministrasjonen, inngår i AMF si leiargruppe og rapporterer til dekan.

AMF har om lag 550 studentar og 50 tilsette. Vi tilbyr ulike medieutdanningar, og driv omfattande forskingsaktivitet og utviklingsarbeid.

Dekanen har det overordna faglege og økonomisk-administrative ansvaret på avdelinga, og ansvaret for at personalutvikling, -forvaltning og -administrasjon vert gjennomført på ein systematisk og dokumenterbar måte. Administrasjonssjefen får sine fullmakter delegert frå dekanen.

Administrasjonssjefen er administrativ og økonomisk nestleiar og har HMS-ansvar og sjukemeldingsoppfølging. I tillegg har administrasjonssjefen støttefunksjonar i personaloppfølginga ved AMF.

Kvalifikasjonar

Oppgåvene vert løyste i tett samarbeid med avdelingsadministrasjonen og instituttleiarar ved AMF, og med fellesadministrasjonen ved høgskulen. Den som vert tilsett må ha god kjennskap til administrative dataverktøy som er nytta i universitets- og høgskulesektoren. Administrasjonssjefen kan også vere superbrukar eller stå for opplæring av andre i avdelinga.

Krav til kvalifikasjonar:

- høgare utdanning, mastergrad eller tilsvarande kvalifikasjonar

- erfaring frå universitets- og høgskulesektoren, eller offentleg forvalting

- høg kompetanse i rådgiving, sakshandsaming eller økonomiarbeid

Administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. Søkjarar må meistre begge målformer og engelsk munnleg og skriftleg. Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner vil vere avgjerande i denne stillinga. Grundig kjennskap til rammevilkår og lovverk i UH-sektoren vert også vektlagt. Søkjarar kan bli kalla inn til intervju.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåver for stillinga:

- Ansvar for at avdelinga sine økonomi- og personalforvaltingsoppgåver blir handsama i samsvar med gjeldande lover og reglar. Administrasjonssjefen er delegert tilvisingsmynde innanfor avdelinga sitt budsjett

- Leie og ha personalansvar for teknisk personal og medarbeidarane i avdelingsadministrasjonen, og leggje til rette for at dei har naudsynt kompetanse til å utføre oppgåvene sine.

- Ansvar for at administrasjonen ved avdelinga fungerer som eit effektivt og fleksibelt støtteapparat for den faglege verksemda. Blant fleire studieadministrative oppgåver er rapportering i høve studiekvalitetsarbeidet og arbeid med samordna opptak til studieprogramma ved AMF.

- Førebu saker til avdelingsrådet, leiargruppa ved AMF, høgskuleleiinga eller til andre organ på oppdrag frå dekanen

Ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan verte justerte etter behov ved avdelinga.

Vi tilbyr

Vi kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar etter statens lønsregulativ. Administrasjonssjef, stillingskode 1078 er normalt plassert i lønnstrinn 70-75 (650300 – 715900).

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne gode løysingar på vårt arbeid. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå

informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.

Kontakt

Spørsmål om stillinga:

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS