Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

HR-jurist

Søknadsfrist: 23.02.2020

Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for HR har ledig fast stilling som rådgjevar/ seniorrådgjevar knytt til HR-juridiske spørsmål

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem kampusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Avdeling for HR (AHR) skal støtte organisasjonen i utøvinga av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarar opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

HVL sin arbeidsgjevarpolitikk er under utvikling. AHR støtter organisasjonen i arbeidet med gode strukturar/system og ein personal- og lønspolitikk som skal gjere oss i stand til å nå måla våre. Partssamarbeidet er eit viktig ledd for å skape ein god organisasjon.

Vi ser etter ein kandidat som har gode analytiske ferdigheiter og god teknologi- og organisasjonsforståing.

Stillinga kan ha hovudarbeidsstad på Stord, i Sogndal eller Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil ha ei sentral rolle som støtte til strategisk leiing i utforming av arbeidsgjevarpolitikken og vil omfatte:

  • Rådgjeving i HR-juridiske problemstillingar
  • Ivaretaking og utvikling av partssamarbeidet i HVL
  • Forvalting og utvikling av internt regelverk/prosedyrar
  • Støtte og rådgiving til leiarar i heile organisasjonen i saker etter avtaleverket, særleg knytt til leiing og arbeidsgjevarfunksjon.
  • Sakshandsaming og utgreiingsoppgåver innanfor HR og organisasjonsområdet generelt

Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Juridisk utdanning på mastergradsnivå
  • Relevant erfaring innan strategisk arbeid og sakshansaming er ein føremon
  • Gode kunnskapar om relevante lover og avtale- og regelverket i offentleg sektor
  • God digital kompetanse
  • Gode språkkunnskapar innan norsk og engelsk (skriftleg og munnleg)
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å jobbe strategisk og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet og serviceinnstilling
  • Fleksibilitet og fagleg engasjement

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som HR-jurist er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. Særskilt godt kvalifiserte kan bli vurdert tilsett som 1364 - seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Avdeling for HR Wenche Fjørtoft, +47 57 67 61 20 eller +47 415 59 822

2) Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik, +47 53 49 14 05 eller +47 454 26 924

Søk stilling

Powered by Labrador CMS