Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Vitenskapleg assistent - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI)

Søknadsfrist: 08.03.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling i 100% som vitenskapleg assistent ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag (IIKN) ved campus Sogndal, for perioden 1.8.2020 - 31.7.2021.

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW). ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling i høve til fysisk aktivitet i barnehagen. Målet er å utvikle ein god og bærekraftig modell for auka fysisk aktivitet i barnehage og undersøke effekten av fysisk aktivitet på barn si generelle utvikling, læring og helse. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved IIKN, FLKI campus Sogndal. Her vil og den vitenskaplege assistenten ha sin arbeidsstad/tilknytning.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Aktuelle ansvars- og arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er:

  • Planlegge og koordinere datainnsamling
  • Gjennomføre datainnsamling
  • Plotte, bearbeide og kvalitetsvurdere data
  • Drifte nettressursar
  • Gjennomføre andre oppgåver ved behov

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjarar må ha mastergrad i idrettsvitskap eller tilsvarande
  • Søkjarar må ha førarkort klasse B
  • Søkjarar må meistre norsk

Følgande teller positivt i vurderinga:

  • Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har erfaring med testing og datainnsamling knytt til fysisk aktivitet, fysisk form, motorikk, sosio-emosjonell helse, sjølv-regulering, eksekutiv funksjon og/eller læring hjå barn
  • Har erfaring med handtering av forskingsdata
  • Har kjennskap til fysisk aktivitet og folkehelsearbeid
  • Har erfaring frå arbeid i barnehage

Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner og kommunisere godt med barn, men óg evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med andre er påkravd.

Den som vert tilsett må vere personleg egna for stillinga.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Tilsetjingsorgan er tilsetjingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som vitenskapleg assistent er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1020. Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Assisterande instituttleiar Ane Solbraa, tlf.: 57 67 60 81 / 909 53 275, e-post: ane.solbraa@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS