LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Studierettleiar

Søknadsfrist: 14.06.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium. 

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.

Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har eit breitt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innan ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanningar i datateknologi, ansvarleg innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjonar. Fakultetet har 5 institutt med om lag 5 500 studentar og over 500 årsverk fordelt mellom campusane Sogndal, Førde, Bergen og Haugesund.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for teknologi, -miljø og samfunnsvitskap, har ledig inntil to faste stillingar som studierettleiar i studieadministrasjonen. 

Om stillinga:

Stillingane som studierettleiar er ein del av fakultetet sin studieadministrasjon på om lag 20 personar, og næraste leiar er studieadministrativ leiar. Studieadministrasjonen på fakultetet er lokalisert på fleire av HVL sine fem campus.

For ein av stillingane vil arbeidsoppgåvene i stor grad vere knytt til etter- og vidareutdanning og internasjonalisering/studentmobilitet.

Tiltredelse frå august/september 2026 eller etter avtale. 

Arbeidsstaden er Bergen, Sogndal eller Haugesund.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • rettleiing av studentar i studieadministrative saker
  • variert sakshandsaming
  • koordinerande oppgåver og tilrettelegging i studietilboda
  • administrativt arbeid med studie- og emneplanar
  • registrering og kvalitetssikring av studentopplysningar og individuelle utdanningsplanar
  • sekretær for studieprogramråd
  • informasjonsarbeid retta mot studentar, tilsette og samarbeidspartnere
  • samhandling med til dømes eksterne partnere, oppdragsgjevarar, andre einingar ved HVL 

 

Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • høgare utdanning på fortrinnsvis masternivå. Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for masterkravet
  • relevant studieadministrativ praksis
  • det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse og erfaring frå spesifikke verktøy som nyttast ved HVL, til dømes Felles Studentsystem (FS), Canvas, Public360 og andre elektroniske portalar
  • søkjar må ha gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på båe målformer (nynorsk og bokmål), og gode skriftlege og munnlege ferdigheiter på engelsk 

 

Ønskede kvalifikasjoner:

  • Det er ynskjeleg med studieadministrativ erfaring frå universitets- og høgskulesektoren.

 

Personlege eigenskapar:

Dei som vert tilsett må:

  • ha interesse for studentar og deira studiekvardag 
  • ha evne til å arbeide sjølvstendig, vere ansvarsmedviten og fleksibel
  • vere initiativrik, motivert og ha stor arbeidskapasitet
  • vere resultat- og løysningsorientert
  • vere serviceinnstilt
  • bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • ha nødvendig presisjon i arbeidet

 

Personlege eigenskapar som er naudsynt for stillinga, vil bli vektlagde. 

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som studieretteiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål,karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjåwww.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her. 

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnåei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Studieadministrativ leiarJorunn Skei

E-post: jorunn.skei@hvl.no

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS