LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Spesialbibliotekar/ universitetsbibliotekar - Eining for publikumstenester

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund. Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire eningar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressursar. Bibliotektenesta omfattar fem fysiske bibliotek fordelt på fem campus. 

Biblioteket har eit breitt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulen sin faglege profil og ambisjonar.

Høgskulen på Vestlandet, Biblioteket, har ledig fast stilling i 100 % som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar

Stillinga er knytt til biblioteket si eining for publikumstenester og rapporterer direkte til leiar for eininga. 

Arbeidsstad er campus Bergen. Stillinga har likevel eit medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campusar. Stillinga medfører utstrekt samarbeid med fagmiljø i HVL samt innad i høgskulebiblioteket.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Medansvar for drift og utvikling av skranketenesta på biblioteket
  • Ansvar for opplæring og oppfølging av ettermiddagsvakter ved biblioteket
  • Skranketeneste
  • Fjernlån og innlån
  • Bidra i biblioteket sitt formidlingsarbeid, inkl. utstillingar i biblioteklokalet
  • Synleggjering av bibliotektenestene og kommunikasjon med biblioteket sine brukarar
  • Medansvar for drift av dei fysiske biblioteklokala i Bergen
  • Andre arbeidsoppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonskrav:

  • Minimum bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap, eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning
  • God digital kompetanse og erfaring med relevante digitale system, samt evne til å setje deg inn i nye digitale verktøy ved behov
  • Kjennskap til biblioteksystemet ALMA/Oria er ei føremon
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Relevant arbeidserfaring

Personlege eigenskapar:

  • Vi søker etter ein fagleg engasjert medarbeidar som er utviklings- og resultatorientert, systematisk, serviceinnstilt, oppsøkjande og initiativrik, fleksibel, og med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. Stillinga krev evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og forutset god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

For tilsetting som spesialbibliotekar krevst bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap eller tilsvarande bibliotekfagleg utdanning. For tilsetting som universitetsbibliotekar krevst utdanning på masternivå. 

Relevant arbeidserfaring og personleg eignaheit vert vektlagt.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515 - Spesialbibliotekar, stillingskode 1199 - Universitetsbibliotekar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Turid Bogetvedt Hitland, 920 65 730E-post: turid.bogetvedt.hitland@hvl.no

2) Einingsleiar Camilla Wang Pedersen, 52 70 26 06E-post: camilla.wang@hvl.no

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS