LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Rådgjevar innan globalt kunnskapssamarbeid

Søknadsfrist: 10.05.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon omfattar felles administrasjon og forvaltning knytt til høgskulen sine forskings- og innovasjonsaktivitet samt internasjonaliseringsaktivitet. Avdelinga skal utviklast vidare og støtte opp under den faglege profilen og universitetsambisjonen til HVL.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for forsking, internasjonalisering og innovasjon har ledig vikariat i 100 % som rådgjevar frå august 2026 til september 2027.

Om stillinga:

Vi søkjer ein medarbeidar innan ansvarsområdet globalt kunnskapssamarbeid og prosjektutvikling i land utanfor Europa. Hovudoppgåver vil være knytt til søknads- og prosjektoppfølging av eksternfinansierte prosjekt i land utanfor Europa. Rådgjevaren vil og få oppgåver knytt til måla i «Plattform og handlingsplan for internasjonalt kunnskapssamarbeid 2025-2030» om utvikling av internasjonale partnarskap. I tillegg vil sakshandsaming, utgreiing og analyse inngå i stillinga. 

Arbeidsstaden er ved ein av høgskulen sine fem campus.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Hovudoppgåvene for rådgjevaren er administrativt arbeid med særskild fokus på å:

  • Gje støtte til søknadsutvikling og prosjektoppfølging av eksternfinansierte internasjonale prosjekt (til dømes program finansiert av HK-dir, Norad, Norec)
  • Bidra til å auke HVL si eksterne finansiering innan internasjonalt kunnskapssamarbeid
  • Bidra til å utvikle HVL si portefølje av internasjonale partnarskap
  • Vere oppdatert på verkemiddelapparatet knytt til internasjonalt kunnskapssamarbeid
  • Landansvar og/eller regionansvar i tråd med kunnskap og kompetanse
  • Sakshandsaming, utgreiing og analyse innan ansvarsområdet

 

Det kan bli lagt andre oppgåver til stillinga etter behov

 

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minimum masternivå eller tilsvarande
  • Relevant erfaring frå internasjonalt kunnskapssamarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring med eksternfinansierte prosjekt innan høgare utdanning
  • Kjennskap til verkemiddelapparatet for internasjonalt kunnskapssamarbeid, særleg utanfor Europa
  • Erfaring med, eller kunnskap om, samarbeid med land eller regionar utanfor Europa
  • Kjennskap til retningslinjer for ansvarleg internasjonalt kunnskapssamarbeid
  • God kjennskap til universitets- og høgskulesektoren

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Evne til å ta initiativ og vere ein pådrivar
  • Evne til å arbeide strukturert og systematisk
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
  • Omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Nestleiar Solveig Råheim Grønsdal

E-post: solveig.gronsdal@hvl.no

Telefon: 53 49 14 51

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS