LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Kommunikasjonsrådgjevar

Søknadsfrist: 14.04.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for kommunikasjon har ledig ei 100% midlertidig stilling som kommunikasjonrådgjevar

Høgskulen på Vestlandet er ein av åtte partnarar i Artemis-alliansen; ein europeisk universitetsallianse viss mål er å fremje samarbeid innan utdanning, forsking og innovasjon, og styrke regional utvikling. I alliansen har HVL ansvar for kommunikasjons- og formidlingsarbeidet.

I denne prosjektstillinga vil du koordinere eit team av kommunikasjonsmedarbeidarar frå alle partnarane. Du vil arbeide både strategisk og operativt med utgangspunkt i ein felles kommunikasjonsog formidlingsplan.

Vi ser etter deg som har erfaring med kommunikasjonsarbeid og stor interesse for internasjonalt arbeid.Du har gode språkkunnskapar og er flink til å bygge gode team. Det vil vere noko reiseaktivitet tilknytta stillinga.

Stillinga som koordinator utgjer 60 %. Den øvrige stillingsprosenten (40%) vil vera knytt til andre oppgåver i kommunikasjonsavdelinga ved HVL. Stillingen er et midlertidig engasjement framt til 31.12.2028.

Arbeidsstaden er ved ein av dei fem campusane ved HVL.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

• Koordinere arbeidsgruppa for kommunikasjon og formidling i Artemis-alliansen• Delta i intern prosjektgruppe ved HVL• Arbeide strategisk og operativt med kommunikasjons- og formidlingsoppgåver i alliansen• Delta i andre oppgåver i kommunikasjonsavdelinga.

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

• Relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule, helst mastergrad• Arbeidserfaring innan kommunikasjon og internasjonalt arbeid• Strukturert og sjølvstendig• Gode språkferdigheiter i engelsk og norsk, munnleg og skriftleg

 

Personlege eigenskapar:

• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner• Positiv og serviceinnstilt• Motivert og initiativrik• God til å byggje og utvikle team• Evne til å prioritere i periodar med arbeidspress.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som kommunikasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 -rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Helge Olsen (nestleder v/Avdeling for kommunikasjon), +47 55 58 75 54, Helge.Olsen@hvl.no
Powered by Labrador CMS