Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.noHedvig Myklebust
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 530 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i Idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir og undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 3 mellombelse stillingar i 100 % som høgskulelektor i naturfagdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillingane inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen, og er ledige i tida 01.08.2026 – 31.07.2027.
Stillingane er knytt til undervisning i naturfag for barnehagelærarutdanninga (BLU) og biologi, fysikk, kjemi og geofag i grunnskulelærarutdanningane (GLU). Fagmiljøet er dynamisk med eit rikt og mangfaldig forskarmiljø med pågåande prosjekt nasjonalt og internasjonalt, og med brei og høg kompetanse innanfor naturfag. I tillegg til å bidra i dei nemnte lærarutdanningane, deltar fagmiljøet i etter- og vidareutdanningstilbod. Fagmiljøet er og aktivt deltakande i doktorgradsprogrammet «Danning og didaktiske praksisar»
Arbeidsstaden er Bergen.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i universitets- og høgskuleforskrifta, knytt til både barnehagelærarutdanninga og grunnskulelærarutdanningane (GLU1-7 og GLU 5-10).
Undervisninga innan barnehagelærarutdanninga (BLU) er i kunnskapsområdet natur, helse og rørsle, og korleis ein arbeidar med kunnskapsområda med dei minste barna
Undervisninga innan grunnskulelærarutdanningane er i naturfag, og korleis ein arbeider med tema på dei ulike alderstrinna i skulen
Det kan bli aktuelt å undervise i andre studieprogram ved instituttet, samt etter- og vidareutdanning
Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar
Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
Det kan bli aktuelt med noko reising og undervisning på andre campus i stillinga
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad innan relevant fagområde med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, samt relevant yrkes- og undervisningserfaring.
Personlege eigenskaper:
Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
Høgt etisk medvit i møte med studentar, tilsette og samarbeidspartar er påkravd.
Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga
Følgjande tel positivt i vurderinga:
Naturfagdidaktisk kompetanse og erfaring frå barnehage, grunnskule og/eller høgare utdanning
Personleg forståing for undervisninga sin karakter og fokus i lærarutdanning og/eller praksisfeltet
Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt med relevans for stillinga
Erfaring frå uteundervisning
Internasjonal erfaring
Språkkrav:Undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk og/eller eit anna skandinavisk språk flytande.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Vitskaplege arbeid (inntil 5 stk.)
Fullstendig publikasjonsliste
Attestar og vitnemål
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.