Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.noHedvig Myklebust
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig inntil 150% mellombels(e) stilling(ar) som høgskulelektor i matematikkdidaktikk ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Stillinga(ne) inngår i Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, og har campus Sogndal som arbeidsstad.
Stillinga(ne) har varigheit i inntil eitt år, og har i utgangspunktet oppstart 01.01.2027, men tidlegare oppstart kan vere aktuelt etter nærmare avtale.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Stillinga(ne) har følgjande ansvars- og arbeidsoppgåver:
Undervise, rettleie og utvikle studentaktive læringsformer i tråd med krav i universitets- og høgskuleforskrifta. Arbeidsoppgåvene vil primært vere undervisning, rettleiing, vurdering, praksisoppfølging og utvikling av studentaktive læringsformer i matematikkdidaktikk knytt til grunnskulelærarutdanningane (1–7 og 5–10), barnehagelærarutdanninga og etter- og vidareutdanningar. I tillegg vil arbeidsoppgåver knytt til tilskotsordningar som ReKomp, DeKomp og Kompetanseløftet m.m. vere aktuelt.
Institusjonsbyggjande arbeid irekna fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar.
Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
Undervisninga kan i nokre tilfelle bli lagt utanfor campus Sogndal.
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha avlagt master/hovudfag med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, i matematikkdidaktikk/matematikk/statistikk eller innanfor eit anna relevant realfag som til dømes fysikk/fysikkdidaktikk eller i ei av grunnskulelærarutdanningane med masterfag i matematikk.
Den som blir tilsett, må kunne undervise i dei sentrale emna i grunnskulelærarutdanningane og barnehagelærarutdanninga, også på nett. Det vil bli lagt vekt på didaktisk og pedagogisk kompetanse og dokumentert praksis og relevant forsking- og/eller utviklingsarbeid av didaktisk karakter.
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett, må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel.
Høgt etisk medvit i møte med studentar, tilsette og samarbeidspartar er eit krav.
Den som blir tilsett, må vere personleg eigna for stillinga.
Språkkrav:
Undervisnings- og administrasjonsspråket er norsk, og søkjarar må kunne undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
Følgjande tel positivt i vurderinga:
Erfaring frå arbeid med matematikk i barnehage og/eller grunnskule.
Undervisningserfaring frå barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning og etter- og vidareutdanning som er relevant for instituttet, inklusiv digital undervisning.
Dokumentert utdanningsfagleg kompetanse som til dømes praktisk-pedagogisk utdanning.
Kjennskap til norsk skule og barnehage generelt og lærarutdanningane spesielt.
Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen og erfaring med pedagogisk bruk av IKT.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Søknadsbrev
Oversikt over utdanning og relevant arbeidserfaring (CV)
Attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
Dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse på grunnlag av utdanning og/eller undervisning og rettleiing
Ev. vitskapleg arbeid (inntil 5 stk.) og fullstendig publikasjonsliste.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar kan ikkje sende søknadar på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga(ne) som høgskulelektor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - Høgskulelektor.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt forskrift for eksportkontrollsystem. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.