LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Høgskulelærar / høgskulelektor i operasjonsjukepleie

Søknadsfrist: 17.05.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for helse- og sosialvitskap har 460 tilsette og 5 500 studentar. Vi har eit breidt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.

Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap delansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i den tverrfakultære ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and Regional Development (RESINNREG).

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktisera fleksible læringsformer der studentane sjølv blir utforda til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Institutt for helse- og omsorgsvitskap er eit av tre institutt ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig 30 % mellombels stilling som høgskulelærar/høgskulelektor i operasjonsjukepleie ved Fakultet for helse- og sosialvitskap

Stillinga er knytt til Institutt for helse- og omsorgsvitskap og fagområde master i spesialsjukepleie, studieretning operasjon.

Stillinga kan kombinerast med turnusarbeid.

Stillinga er ledig frå 01.08.2026 til 30.04.2027

Arbeidsplassen er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • undervisning, rettleiing, ferdigheitstrening, simulering, praksisoppfølging og evaluering innan fagområde operasjonsjukepleie
  • samarbeid om utdanning internt i høgskulen og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnera

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetjing i stilling som høgskulelærar/høgskulelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven .

Formell utdanning og kompetanse:

  • offentleg autorisasjon som sjukepleiar
  • for tilsetting i stillingskode høgskulelektor må søkjar ha relevant mastergrad innan fagområdet og profesjonskompetanse
  • spesialutdanning i operasjonsjukepleie
  • relevant klinisk erfaring og praksisnær kompetanse
  • god IKT-kompetanse
  • undervisningsspråket er norsk og søkjarar må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Ønska kvalifikasjonar

  • erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • interesse for/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og varierte undervisningsformer frå undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • utdanningsfagleg kompetanse
  • kompetanse/kurs innan praksisrettleiing

Personlege eigenskapar:

  • sjølvstendig og ansvarleg
  • positiv innstilling og god evne til å samarbeid både med studentar og kollegaer
  • god evne til formidling
  • engasjement og interesse for fagleg utvikling

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål
  • dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse 

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. 

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen. 

Vi tilbyr:

Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling

Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1007 - høgskulelærar / 1008 - høgskulelektor 

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Spørsmål om stillinga

  • Marianne Fjose (Assisterande instituttleiar), marianne.fjose@hvl.no
Powered by Labrador CMS