LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Førsteamanuensis / førstelektor i reiseliv

Søknadsfrist: 04.10.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 500 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2300 studentar og 140 tilsette.


Det er 11 bachelorprogram og 4 masterprogram ved fakultetet. FØS er vertsfakultet for doktorgradsprogrammet "Ansvarlig innovasjon og regional utvikling" (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN).

Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har om lag 1500 studentar og 100 tilsette. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har seks bachelorprogram og to masterprogram.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling som førsteamanuensis/førstelektor i reiseliv ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, campus Sogndal

Om stillinga:

Stillinga høyrer til Institutt for økonomi og administrasjon og vil i hovudsak vera knytt til undervisning, rettleiing og forsking ved studieprogrammet bachelor i reiselivsledelse og årsstudiet i reiseliv ved campus Sogndal, men andre undervisningsoppgåver ved instituttet sine utdanningar må òg påreknast.

Stillinga er ledig frå 1.1.2023 og er fast.Arbeidsplassen er Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Undervisning, rettleiing og forsking ved studieprogrammet bachelor i reiselivsledelse og årsstudiet i reiseliv. Døme på relevante tema er opplevingar, arrangement, temabasert reiseliv og destinasjonsutvikling
  • Andre undervisningsoppgåver kan også bli aktuelt
  • Ansvar knytt til fagleg studiekoordinering og emneansvar kan bli lagt til stillinga
  • Ekskursjonar og bedriftsbesøk er ein del av undervisninga og ein må etter behov delta på desse
  • Aktiv bruk av digitale verktøy i arbeidskvardagen som t.d. læringsplattform
  • Bidra til forsking knytt til instituttet sine studieprogram i tillegg til fakultetet sine forskingsprofilar
  • Delta i utviklinga av nye relevante forskingsprosjekt og utarbeide søknadar om ekstern finansiering saman med kollegaer i fagmiljøet
  • Bidra i institusjonsbyggjande arbeid som fagadministrative oppgåver, internasjonalisering, utvikling av forskingsgrupper og samhandling med eksterne partnarar
  • Bidra til samarbeid om utdanning og forsking internt i høgskulen, og med nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar
  • Delta i fagleg samarbeid og fagutvikling på tvers av HVL sine campus når dette er aktuelt
  • Bidra til utvikling av fleksible utdanningstilbod retta mot regionalt arbeidsliv og livslang læring
  • Vi forventar også at den som blir tilsett bidreg i det regionale utviklingsarbeidet på vestlandet og deltek aktivt i arbeidet med å skapa nettverk innanfor norsk reiseliv med mål om å vidareutvikle utdanningane våre for framtida

Kvalifikasjonar:

Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Formell utdanning og kompetanse

  • For tilsetting som førsteamanuensis er kravet avlagd ph.d-grad innanfor stillinga sitt fagområde
  • For tilsetting som førstelektor må søkjar dokumentere førstelektorkompetanse innanfor stillinga sitt fagområde
  • Undervisningsspråket er norsk og søkjar må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk, i tillegg til engelsk
  • Utdanningsfagleg kompetanse er eit krav for stillinga

Ønska kvalifikasjonar

  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Vi søkjer særleg etter teoretisk og praktisk undervisningskompetanse innan reiselivsemne
  • Erfaring frå reiselivsnæringa som t.d. destinasjonsutvikling , utviklingsarbeid , styre- eller prosjektarbeid
  • Det kan vere ein fordel dersom søkjar i tillegg til reiseliv, har utdanning og erfaring innan andre økonomisk-administrative fag somt.d. marknadsføring
  • Erfaring frå relevante forskings- og utviklingsprosjekt
  • Erfaring med å skaffe ekstern finansiering og med utvikling av forskings- og utviklingsprosjekt saman med eksterne samarbeidspartar
  • Erfaring med internasjonalt samarbeid

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig og ansvarleg
  • Positiv innstilling og god evne til å samarbeide med både kollegaer og studentar
  • Evne til å samarbeide på tvers av fagdisiplinar
  • God evne til formidling
  • Engasjement og interesse for fagleg utvikling

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:

  • vitskapleg arbeid (inntil 15 stk)
  • fullstendig publikasjonsliste
  • attestar og vitnemål

Ved søknad på stilling som førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling ved HVL .

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.

Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1011 - førsteamanuensis eller i stillingskode 1198 - førstelektor.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

  • Assisterande instituttleder Ingunn Skjelbreidalentlf: 57 67 63 42
  • Høgskulelektor Helene Maristuentlf: 918 77 565

Søk stillinga

Powered by Labrador CMS