LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Avdelingsingeniør SimArena, campus Bergen

Søknadsfrist: 12.04.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 400 tilsette og om lag 4900 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.

Fakultetet tilbyr ph.d.-utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultet for helse- og sosialvitskap ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d.-utdanninga Responsible Innovation and regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, har ledig ei midlertidig stilling i 100% som avdelingsingeniør ved campus Bergen.

Vi ser etter ein engasjert og dyktig avdelingsingeniør som ønskjer å spele ei nøkkelrolle i drifta og vidareutviklinga av fakultetet sitt simuleringssenter, SimArena. SimArena er eit moderne og velutstyrt læringsmiljø som legg til rette for studentaktiv undervisning, forsking og innovasjon. SimArena er spesielt utforma for å gi studentar høve til å øve på yrkesrelevante ferdigheiter i eit praksisnært og trygt miljø.

Arbeidsstad er campus Bergen.

Stillinga har snarleg oppstart og varer i eitt år.

Stillinga er p.t. ei prosjektstilling, men det kan på sikt bli aktuelt med utlysing av fast stilling knytt til arbeid ved SimArena.

Her kan du lese meir om SimArena ved HVL: Velkommen til SimArena! - Høgskulen på Vestlandet

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Tilrettelegging og opplæring: 

  • Tilrettelegging for enkel og effektiv bruk av utstyr, mellom anna gjennom utvikling av brukarmanualar og opplæringsmateriell 
  • Planlegging og opplæring i forkant av simuleringar 
  • Teknisk støtte og support knytt til undervisning, læringsaktivitetar, forsking, utvikling, nyskaping og innovasjon for studentar og tilsette
  • Opplæring i og bruk av avansert simuleringsutstyr og medisinsk utstyr
  • Vidareutvikling og gjennomføring av operatørkurs for avansert simulering 

Administrativ og teknisk drift: 

  • Oversikt over og bestilling av forbruksvarer og utstyr i samsvar med investeringsplanar 
  • Hovudkontakt for eksterne leverandørar og samarbeidspartnarar 
  • Ansvar for vedlikehald, orden og sikkerheit knytt til utstyr og lokalar, inkludert service, reparasjonar og sikkerheitskontrollar
  • Drift og oppfølging av utstyrsregistrering i Cheqroom 
  • Koordinering av booking av rom og utstyr i samarbeid med arealforvaltning og tilsette
  • Bidra til oppfølging av helse, miljø og sikkerheit (HMS) arbeidet ved SimArena 
  • Samarbeid med og støttande bistand til SimArena-koordinatorene ved andre campus

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på bachelornivå innan helsefag og/eller ingeniørfag 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk eller anna skandinavisk språk

Ønska kvalifikasjonar:

  • God digital og teknisk kompetanse og erfaring med relevante IT-verktøy og system 
  • Erfaring med bruk og vedlikehald av medisinsk utstyr 
  • Erfaring med effektiv styring av vareflyt (logistikk), fra innkjøp og lagring til bruk
  • Kjennskap til og erfaring med arbeid innan HMS

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner 
  • Evne til å ta initiativ, arbeide sjølvstendig og bidra aktivt i team 
  • Ryddig, systematisk og kvalitetsbevisst 
  • Fleksibel, fagleg engasjert og løysingsorientert 
  • Høg arbeidskapasitet og ei serviceinnstilt haldning

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse.
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling.
  • Høve for trening i arbeidstida.

Stillinga som avdelingsingeniør er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1085 - Avdelingsingeniør.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga. 

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.

Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Ane Kristiansen Solbraa, Prodekan for utdanning, FHS

e-post: ane.solbraa@hvl.no

tlf. +47 57 67 60 81

2) Liv Irene Ruud , Faglig koordinator SimArena

e-post: Liv.Irene.Ruud@hvl.no

tlf. +47 55 58 59 88

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS