Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Høgskulelektor i sosialt arbeid - vikariat

Søknadsfrist: 08.03.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, har ledig mellombels stilling (vikariat) som høgskulelektor.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar, fleire masterutdanningar og eit ph.d.-studie i Helse, funksjon og deltaking. Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Institutt for velferd og deltaking, er det ledig ein mellombels 100% stilling som høgskulelektor knytt til bachelorutdanninga i sosialt arbeid. Stillinga er eit vikariat over to år.

Arbeidsplassen er ved Campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Undervisning, oppfølging og rettleiing av studentar, ferdigheitstrening, oppfølging av studentar i praksis, evaluering og sensur
  • Deltaking i institusjonsbyggjande arbeid; m.a. koordinering av studiar, emneansvar og internasjonaliseringsarbeid
  • Samarbeid internt i høgskulen og med andre utdanningsinstitusjonar og samarbeidspartar både nasjonalt og internasjonalt.

Stillinga er i hovudsak knytt til bachelorutdanninga i sosialt arbeid, men den som vert tilsett må også pårekne undervisning- og rettleiingsoppgåver i andre studietilbod i instituttet.

Kvalifikasjonskrav:

  • Mastergrad i sosialt arbeid eller eitt anna relevant fag
  • Søkarane må ha grunnutdanning i sosialt arbeid
  • Relevant arbeidserfaring innan sosialt arbeid av nyere dato
  • Det vert krevd god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God IKT-kompetanse

Ønskede kvalifikasjonar:

  • Erfaring med undervisning og rettleiing i høgare utdanning
  • Interesse for og/eller erfaring med pedagogisk utviklingsarbeid og nye undervisningsformer

Personlege eigenskapar:

Den som blir tilsett må arbeide selvstendig, ta ansvar, vise initiativ og ha gode formidlingsevner og evne til å samarbeide med både studentar og kollegaer.

Sakkunig vurdering:

Søkarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, oversikt over dine arbeider og kor dei er offentleggjort og inntil 5 vitskaplege arbeid som skal leggast ved søknaden i fulltekst. Tilsettingsorgan er tilsettingsutval ved Høgskulen på Vestlandet.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 5 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveforelesing. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som høgskulelektor er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1008 - høgskulelektor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV-en.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fungerande fagseksjonsleiar, Birthe Unneland Napsholm, telefon: Teleon: 55587733 / 91861416, e-post: Birthe.Unneland.Napsholm@hvl.no

2) Insituttleiar, Svanaug Fjær, telefon: 55 58 57 53, e-post: svanaug.fjer@hvl.no

Søk stilling

Powered by Labrador CMS