Stilling:

Stipendiat i temaet "Leiing av skule- og barnehageutvikling"

Søknadsfrist 27. januar 2019

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL skal vere tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har ambisjonar om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Ved Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, er det ledig ein midlertidig stilling som stipendiat i temaet «Leiing av skule- og barnehageutvikling». Stillinga er knytt til Institutt for pedagogikk, religion og samfunn.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.- program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Instituttet gir undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanningane (masternivå frå 2017), bachelorutdanningar i folkehelse og idrett/kroppsøving, praktisk pedagogisk utdanning og masterutdanningar i undervisningsvitskap, samfunnsfagdidaktikk, IKT i læring, utdanningsleiing, barnehagekunnskap, læring og undervisning og spesialpedagogikk. Instituttet bidrar også til fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Stipendiatstillinga er knytt til forskargruppa ledelse i og av utdanningssystemer, og skal rettes mot kollektive læringsprosessar i skular og/eller barnehagar.

Stipendiaten kan rette søkelys på organisasjonsdidaktikk, lærande skular og barnehagar (lærande organisasjonar), leiing av faglege diskursar om læreplanar og skular eller barnehagar sin praksis, leiing av profesjonsutvikling eller kapasitetsbygging i skular eller barnehagar.

Fokusområde kan være rektor- eller styrarnivå, men og leiargrupper eller leiarteam i kommunar, skular eller barnehagar eller vidare definerte utdanningssystem. Fleire empiriske felt kan vere interessante, men etter- og vidareutdanning av lærarar er et viktig satsingsområde for HVL, og vi oppmodar difor søkjarar til å vurdere om det kan være aktuelt å utforske problemstillingar innanfor dette feltet (valet av dette tema er likevel ikkje et vurderingskriterium).

KvalifikasjonskravStipendiaten må ha mastergrad/hovudfag i pedagogikk, organisasjon og leiing, skuleleiing eller liknande utdanning som har gjeve forståing for og kunnskap om utdanning og leiing av utdanning som kollektive fenomen.

Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektskildring på inntil fem sider, som presenterer tema, problemstilling og val av teori for eit potensielt prosjekt. Denne blir brukt til vurdering av kvalifikasjonen til kandidaten, og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Søkjarar kan få noko rettleiing på skissa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiarane.

Stipendiaten må bli tatt opp ved doktorgradsprogrammet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI). Det er ein føresetnad at stipendiatar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergrada. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter tilsetting. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av høgskulen innan 3 månadar etter at du har tatt til i stillinga.

Det er en forutsetning at de som blir tilsatt har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet. En stipendiat i temaet «Ledelse av skole- og barnehageutvikling» kan ha kontorplass i Sogndal, Bergen eller Stord, etter eget ønske.

Samlet stipendiatperiode er tre år, men kan om ønskelig forlengesast til fire år der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning og administrasjon. Om stipendet blir forlenga til fire år, vil undervisning bli fordelt over alle åra.

Stipendiaten bør beherske både kvantitative og kvalitative forskingsstrategiar. Det er ein føremon med kjennskap til teoriar om vaksne si læring i arbeidslivet. Praktisk erfaring som leiar i skular, barnehagar eller utdanningssystemet kan vere relevant. Vitskapleg produksjon kan bli vektlagt.

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet.

Personlige eigenskapar:Den som blir tilsett må kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap

Søk på stillingaSøkjarar til stillingane vert vurderte av eit sakkunnig utval med tre medlem.Send søknad og CV ved å klikka på knappen merka «Søk stillinga» på denne sida. Som vedlegg til søknaden må søkjarar også laste opp masteroppgåva og inntil fem vitskaplege arbeid dei ynskjer å ha med i vurderinga. Vidare må fullstendig publikasjonslista, attestar og vitnemål lastas opp. Søkjarar bør nemna dei arbeida eller delar av arbeid som særleg skal vektleggjast ved vurderinga.

Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Me gjer merksam på at søknader vert vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å syta for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er særs viktig at alle dei vitskaplege arbeida som skal vurderast vert lasta opp i sin heilskap som vedlegg til søknaden. Det er også mogleg å berre legga ved ei lenkja til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen. Søknadane vert sende elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurderte med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkar sitt ansvar å sørge for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.Aktuelle kandidatar til stillinga vil bli innkalla til intervju og bedne om å halde prøveforelesing.

LønnsvilkårStillinga vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat, lønnstrinn 51. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjonDen som vert tilsett må rette seg etter dei lover, forskrifter, instruksar og avtaler som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med ulik nasjonal- eller etnisk bakgrunn.

Opplysingar om søkar kan bli gjort offentleg sjølv om søkar ber om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje, vil søkar bli varsla om dette.

Høgskulen på Vestlandet er ei I/A-bedrift.

Heimeside

Kontaktperson

Instituttleiar Jan Helge Kallestad, tlf: +47 55 58 59 43

Dosent Øyvind Glosvik, tlf: +47 57 67 62 97

Powered by Labrador CMS