Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiatstilling barnevern

Søknadsfrist: 01.06.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram, samt Ph.d.-studiet "Helse, funksjon og deltaking". Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat knytt til prosjektet "Expert reports as basis for decisions in Norwegian child welfare services"

Stipendiatstillinga er knytt til forskingsprosjektet «Expert reports as basis for decisions in Norwegian child welfare services». Målet for prosjektet er å undersøke kunnskapsgrunnlaget for sakkunnige utgreiingar i barnevernet, og korleis desse blir brukt i den kommunale barnevernstenesta og rettssystemet.

Stipendiatstillinga har arbeidsstad ved Campus Sogndal

Ansvars- og arbeidsområde:

Forskingsmaterialet er over 7000 sakkunnige rapportar arkivert i Barnesakkyndig kommisjon. PhD-prosjektet skal utforske kva som kjenneteiknar sakkunnige rapportar: kva kunnskapsgrunnlag, metodikk og normative standardar som vert nytta i rapportane. Det er etablert samarbeid med forskarar i England og Sverige, for å kunne gjennomføre komparative undersøkingar.

Vi ønskjer prosjektsøknader som viser korleis kandidaten vil legge opp og gjennomføre PhD-prosjektet både når det gjeld teoretisk utgangspunkt, metodikk og framdrift.

Stipendiaten vil vere del av ei større forskargruppe med fleire erfarne forskarar innafor forskingsfeltet. Prosjektet vert leia av professor II Hanne Cecilie Braarud og prosjektet er eksternfinansiert av NFR. Stipendiaten vil også gå inn i forskingsgruppa for oppvekst, rus og sosial marginalisering ved HVL. Hovudrettleiar vert professor Hanne Cecilie Braarud.

Det er ein føresetnad at stipendiatprosjektet vert innretta slik at stipendiaten kan bli teken opp på ph.d.-studiet «Helse, funksjon og deltaking» ved Fakultet for helse- og sosialvitskap.

Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år. 25% av tida vil utgjere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon.

Kvalifikasjonar:

Kvalifikasjonskrav:

  • Mastergrad eller profesjonsstudiet i psykologi, eller sosialfagleg bachelorgrad og relevant mastergrad innan sosialfag eller samfunnsvitskap
  • Søkjarar bør ha barne- og familiefagleg kompetanse, og kjenne til utviklingspsykologiske omgrep og metodar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, men samstundes bidra til fellesskapet i fagmiljøet generelt og i forskingsgruppa spesielt
  • Fagleg engasjement

Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen. Opptak til doktorgradsprogrammet krev normalt karakteren B eller betre på mastergraden, og/eller ei godt gjennomført masterutdanning.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant erfaring frå forsking- og utviklingsarbeid
  • Relevant praksiserfaring

Tilleggskrav:

  • Søkjar skal legge ved ein tentativ prosjektplan på inntil fem sider med linjeavstand 1,5. Planen skal ta utgangspunkt i prosjektskissa som er laga og skildre korleis søkjar ser føre seg gjennomføringa av prosjektet. Den førebelse prosjektplanen vil nyttast med tanke på vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje være den endelege prosjektskissa, denne vert vidare utforma saman med hovudrettleiar.
  • Søkjar skal gjere greie for eigen motivasjon og legge ved refleksjonar over korleis eigen utdannings- og erfaringsbakgrunn styrkar prosjektet.

Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere tatt opp på ph.d.-programmet ved gradsinstitusjonen.

Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved Høgskolen på Vestlandet. Pliktarbeidet skal utførast ved Høgskulen på Vestlandet. Det er vidare ein føresetnad at den som blir tilsett, har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal, i tilsettingsperioden.

Har du spørsmål eller ønskjer å få tilsendt prosjektskissa til prosjektet, ta kontakt med:

  • Professor II Hanne Cecilie Braarud, på e-post: hanne.cecilie.braarud@hvl.no eller tlf.: 480 55 732, eller
  • Professor Magne Mæhle, på e-post: magne.mehle@hvl.no eller tlf.: 958 00 160

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, m.a. masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid som du ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskriving, attestar og vitnemål. Viss vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Søkjar må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og at søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon på at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. Med grunnlag i utvalet si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveførelesning. Tilsettingsorgan er Tilsettingsutvalet ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jf. den nye offentleglova kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjarar vil bli varsla om slik anmodning ikkje vert tatt til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor Hanne cecilie Braarud, på e-post: hanne.cecilie.braarud@hvl.no eller tlf.: 480 55 732

2) Professor Magne Mæhle, på e-post: magne.mehle@hvl.no, eller tlf. 958 00 160

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS