LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat

Søknadsfrist: 09.08.2026

Logo til fri bruk, m brukes uendret. Ved sprsml om bruk av logo og visuell profil kontakt profil@hvl.no

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-programet Studiar av danning og didaktiske praksisar. 
 
Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. 

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stlling som stipendiat innan forskingsprosjektet Singing Maps: developing online music communities to support Sámi adolescent cultural resilience, ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Stillinga inngår i Institutt for kunstfag, campus Bergen. Det er ønskjeleg at stipendiaten startar i stillinga innan 1. oktober 2026, men seinare oppstart er også mogleg.

Om prosjektet: 

Forskingsprosjektet Singing maps er eit 4 årig (2025-2029) forskingsprojekt finansiert av Forskningsrådet som skal bygge kunnskap om og utvide deltaking av samiske ungdommar i samiske musikaliske tradisjonar. Singing Maps undersøker sentrale spørsmål rundt kulturell berekraft og urfolks resiliens som tradisjon og fornying, eigarskap og ansvar, og kulturell identitet i samisk kontekst. I samarbeid med kulturberarar frå heile Norden og eit breitt internasjonalt nettverk av høgare utdanningsinstitusjonar, vil denne studien gi eit empirisk grunnlag for betre å forstå korleis urfolksmusikk har blitt til og effektivt kan delast med unge menneske. Desse perspektiva vil danne grunnlaget for utvikling og implementering av eit første i sitt slag nettbasert musikklæringsfellesskap for bruk i vidaregåande opplæring i Norge, Finland og Sverige. Slik vil dette prosjektet bidra til å engasjere samiske ungdommar i levande musikalske miljø, styrke kulturell resiliens og sikre ei berekraftig samisk stemme i nordisk samfunn.

Prosjektet har fire kjerneføremål:

  • Bygge kunnskap om tradisjonelle læringspraksisar i samisk kultur i Norge, Sverige og Finland.

  • Etablere etiske standardar for deling av tradisjonell musikk i ein internasjonal samanheng for urfolk.

  • Utvikle nettbaserte musikkopplæringsressursar i samarbeid med kulturarvsberarar.

  • Evaluere effektiviteten av ein nettbasert plattform for å støtte samiske ungdommar sin kulturelle resiliens gjennom musikkundervisning.

Om stillinga:

Stipendiatstillinga vil vere knytt til Singing Maps-prosjektet med ei musikkpedagogisk forskingsinnretting, og vil særskilt koplast til forsking på Sámiske vokale tradisjonar og kandidaten si eiga kunstnarleg verksemd og identitet. Stipendiaten vil leie ein sjølvstendig forskingsstudie som brukar kunstnarleg utviklingsarbeid/autoetnografiske metodar med ei problemstilling som undersøker på kva måtar overgangsritualet frå lærling til kulturberar kan opplevast og forståast gjennom moderne kunstnarleg praksis og kunstnarleg utviklingsarbeid. Resultatat frå studien vil kaste lys over emne som er relevante for dei sentrale kjerneføremåla i Singing Maps, som til dømes notids og historisk samisk vokalmusikkpraksis, generasjonsoverføring av vokale tradisjonar, Samisk kulturell og kunstnarleg identitet, og tradisjon og fornying i samisk musikkutøving. Ph.d.-prosjektet kan gjerne innrettast mot eitt eller fleire av følgjande forskigsspørsmål, eventuelt liknande problemstillingar: a) kva kjenneteiknar samisk læringspraksis i tradisjonell sang og joik i ulike generasjonar? b) korleis kjønnsroller vert definerte, utforma og utfordra innanfor samisk vokalmusikklæring og framføringspraksis c) korleis overgangsritual frå elev til kulturberar i samiske vokaltradisjonar vert ramma inn og opplevd av unge menn og kvinner, og d) kva aspekt ved desse læringspraksisane kan vere utfordrande i formell og virtuell musikkundervisning. 

Prosjektgruppa i Singing Maps vil kunne gje stipendiaten eit rikt forskingsmiljø på fleire måtar. Kandidaten vil få eit stipendiatmiljø med andre som skriv doktor- eller mastergrad innafor tangerande tema. Kandidaten vil møte mange forskarar med doktorgrad, både frå HVL og dei andre samarbeidsinstitusjonane, som kan støtte opp om doktorgradsarbeidet. Singing Maps har eit omfattande nettverk og samarbeider med Sámisk kulturinstitusjonar i Norden som kan støtte førestillingar og formidling av stipendiaten sine  kunstnarlege  produksjonar, utvikla innanfor prosjektet. Dei internasjonale forskarane i Singing Maps kan gi kandidaten mulighet for internasjonalt forskingssamarbeid og mobilitet over heile den nordisk regionen og andre land som Kina, Canada, Aotearoa New Zealand, og Australia. Stipendtiaten vil få høve at delta og presentere forskinga si på store internasjonale konferansar både sjølv og saman med andre forskarar i Signing Maps.

Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innan ei tidsramme på 3 år. «Føresetnaden er at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktisk praksisar» ved HVL. Dette er eit forskarutdanningsprogram som har som mål å fremje vitskapleg arbeid og forsking innanfor utdannings- og opplæringssektoren, kultursektoren og andre sektorar som krev spesiell vitskapleg innsikt i samanhengar mellom danning og didaktisk og pedagogisk praksis.

Ansvars- og arbeidsområde:

I tillegg til å gjennomføre eige prosjekt skal stipendiaten gjennomføre obligatorisk del i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI, delta i stipendiatforumet ved FLKI og bidra aktivt i forskargruppa Singing Maps. 
Stipendiaten skal samarbeide med andre medlemmer av Signing Maps-teamet, inkludert seniorforskarar, tradisjonsberarar og andre doktorgrads- og masterstudentar for å utvikle vitskaplege publikasjonar, seminar, konferansepresentasjonar, populærvitskaplege publikasjonar og pedagogisk/digitalt arkivmateriale. 

Kvalifikasjonskrav:

Søkjar må ha mastergrad i musikkutøving, musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde som til dømes etnomusikologi,  musikkvitskap, undervisningsvitskap eller pedagogikk. Kandidaten skal lede ein etablert kunstnarleg praksis med tilknyting til samisk musikk. Det er meriterande om ansøkaren har verifierad samisk kulturell kompetens. 

Det er ein fordel om søkjar har gode munnlege og skriftlege kunnskapar i norsk eller anna skandinavisk språk. Flytande munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk er eit krav for stillinga.

Følgjande kvalifikasjonar vert særskilt vektlagt: 

Søkjar må legge ved ei prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Det endelege stipendiatprosjektet vil seinare bli utforma i samråd med rettleiar.
Stipendiatar som blir tilsett må bli tekne opp i doktorgradsprogrammet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved FLKI. Det er ein føresetnad at kandidaten fyller krava for opptak til phd-studiet. Normalt tek programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergraden. Vitskapleg produksjon kan bli vektlagt. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER.  Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teken opp på ph.d.-programmet. Nærare informasjon om korleis ein søkjer opptak til ph.d.-programmet finn ein HER

Varigheit :

Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen.

Personlege eigenskapar:

Den som blir tilsett må vere nytenkjande, ha god gjennomføringsevne og kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap. 

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid som de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad.  Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. 

HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.

Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga.  Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din. 

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse

  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling

  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017 Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV. 

Tilsatt under forutsetning av at du får innvilget arbeids- og oppholdstillatelse (må vurderes individuelt).

Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til bruk i behandlinga av søknadane.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleder for kunstfag, Hege Gjerde Sviggum, Hege.Gjerde.Sviggum@hvl.no

2) Førsteamanuensis David Johnson, David.Johnson@hvl.no

Inkludere, utfordre og samhandle

Les meir på våre heimesider.

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS