LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat i teiknspråk og tolking - DEPICT

Søknadsfrist: 24.09.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat innan teiknspråk og tolking ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stillinga er retta mot Fakultetets strategiske satsing på teiknspråk og tolking, og vil bidra til å styrke teiknspråk i Noreg og tolking på tvers av språk og kultur.

Stillinga er knytt prosjektet «Avbilding i teiknspråk, som ein drivkraft til å fremja inkludering, kommunikasjon og oversetting (DEPICT)» som finansierast med midlar frå Noregs Forskningsråd. Prosjektets mål er å undersøke avbilding og kva for ein rolle det har i kommunikative praksisar hos teiknspråkbrukarar.

Stillinga vil innebere gjennomføring av eit relevant prosjekt knytt til døve teiknspråktolkar, tolka situasjonar innan teiknspråk, eller situasjonar der det ikkje nyttast felles teiknspråk.

Stillinga lysast ut over 3 år utan pliktarbeid. Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor teiknspråk og tolking, forskargruppa Teiknspråk, tolking og kommunikasjon, det strategiske forskingsprogrammet Språk, Kommunikasjon og Læring (SKoL), og Ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Stipendiaten vil ha sin arbeidsstad ved Campus Bergen, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved campus Bergen i tilsettingsperioden. Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.

Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt vert innretta slik at stipendiaten kan verte teken opp på ph.d.-studiet Danning og didaktiske praksisar ved HVL. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein på denne linken. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventingar om at kandidaten:

  • Bidreg konstruktivt inn i forskargruppa Teiknspråk, tolking og kommunikasjon og inn i prosjektet DEPICT
  • Presentere eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidsskrift

Kvalifikasjonskrav:

Mastergrad relevant for fagområdet teiknspråk og tolking må vere oppnådd ved søknadsfristen. Dette kan for eksempel vere master innan språk, kommunikasjon, lingvistikk og samfunnsarbeid (men er ikkje avgrensa til dei). Søkarar med mastergrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på masteroppgåva, kan og vurderast som kvalifiserte.

Søkjarar må leggje ved ei prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, sjølvvald problemstilling, og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanning vil seinare bli uforma i samråd med rettleiarar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet.

Følgjande kvalifikasjonar vil verte særleg vektlagt:

  • Faglege kvalifikasjonar innan det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva og metodiske kvalifikasjonar. I tillegg vil den førebelse prosjektskildringa verte tillagt stor vekt.Vitenskaplege publikasjonar vil og ha betydning.
  • Opptak krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva og eit gjennomsnitt på B for studiedelen. Søkjarar må beherske eit skandinavisk språk godt.
  • Kompetanse i eit eller fleire teiknpråk
  • Erfaring frå undervisning eller formell kompetanse i pedagogikk (minimum tilsvarande 5 studiepoeng). Viss kandidaten ikkje har disse kvalifikasjonane, må det oppnåast i løpet av PhD-perioden.
  • Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergrada må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen.
  • Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal fyrst sendast etter ei eventuell tilsetjing. Seinast 3 månadar etter tilsetjing må stipendiaten vere tatt opp på ph.d.-programmet / i eit ph.d.-program ved gradsinstitusjonen.
  • Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til et aktivt forskingsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet.
  • Pliktarbeidet skal utførast ved Høgskulen på Vestlandet. Det er vidare ein føresetna at den som vert tilsett, har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Bergen i tilsetjingsperioden.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Ønska kvalifikasjonar:
  • Har god kjennskap til teiknspråk og kommunikasjon på tvers av landegrenser
  • Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har både kvalitativ og kvantitativ metodekunnskap
  • Kompetanse i norsk tegnspråk
  • Har god kompetanse i engelsk

Personlige egenskaper:

  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • Kommuniserer særs godt på eit teiknspråk og godt på engelsk
  • God samarbeidsevne
  • Evne til å ta initiativ
  • Høgt etisk medvit i møte informantar er påkravd

Personar med teiknspråk som førstespråk vert oppmoda til å søkje.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgaven/hovedfagsoppgaven og inntil 5 vitskaplege arbeid de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Me gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.

Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Bedømmelsen skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitskapelege arbeid. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spanande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Moglegheiter for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Me gjer merksam på at i henhald til ny offentleglov kan opplysningar om søkjaren verte gjort offentleg, sjølv om søkjaren har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjara vil verte varsla om slik anmodning ikkje vert tatt til følgje. Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hull i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS