Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking har omlag 160 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.
Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdnningane, og i bachelorutdanninga i teiknspråk og tolking. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.
Ved Høgskulen på Vestlandet, Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, er det ledig ei treårig åremålsstilling som stipendiat innan fagområdet norsk fagspråk i utdanning, i tilknytning til Senter for norsk fagspråk.
Om stillinga:
Forskingsprosjektet er knytt til Senter for norsk fagspråk som er ei nasjonal satsing med finansiering frå Noregs forskingsråd, og er eitt av to nasjonale senter. Saman med ei rekkje samarbeidspartnarar vil det utgjere det største nasjonale fagspråkmiljøet. Fagspråksenteret har som mål å samordne ein langsiktig nasjonal innsats for norsk språkforsking, utvikling og utdanning i terminologi og fagspråk, arbeidsspråk, leksikografi, namnegransking og språkteknologi. Senteret skal knyte til seg fleire stipendiatar og postdoktorar, og vil samarbeide med forskarar både nasjonalt og internasjonalt. Senteret starta opp 1. september 2025 og har finansiering i inntil åtte år.
Universitetet i Bergen er koordinator for senteret, og vil vere knytt til Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Det humanistiske fakultet. Samarbeidspartnarar inkluderer Høgskulen på Vestlandet, Høgskulen i Volda, Universitetet i Agder, Høgskulen i Østfold, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, Universitetet i Oslo, Meteorologisk institutt, Helse Vest RHF og Institutet för språk och folkminnen – Språkrådet i Sverige, i tillegg til andre nasjonale og internasjonale institusjonar i og utanfor universitets- og høgskulesektoren.
Stipendiatstillinga er knytt til arbeidspakke 2 Fagspråk i utdanning og arbeid i Fagspråksenteret (2025-2033). Gjennom ei tverrfagleg tilnærming skal aktivitetane i senteret bidra til å utvikle ny, empirisk kunnskap om kva rolle fagspråk spelar i samfunnet, korleis det fungerer, blir lært og brukt i ulike kontekstar. Arbeidspakke 2 har formulert følgjande overordna forskingsspørsmål:
Kva kjenneteiknar individets bruk og læring av fagspråk i ein- og fleirspråklege kontekstar, i forsking, utdanning og arbeidsliv?
Kva for faktorar påverkar bruken av norsk fagspråk spesielt, og vilkåra for å lære norsk fagspråk i ulike arbeidslivs- og utdanningskontekstar?
Kva er konsekvensane for enkeltindividet av å tileigne seg eller ikkje tileigne seg fagspråkleg kompetanse?
Kva for tiltak kan styrke parallellspråklege praksisar og vilkåra for å bruke norsk fagspråk på tvers av utdannings- og arbeidslivskontekstar?
Stipendiatstillinga ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal handle om tema knytt til bruk, utvikling og læring av fagspråk i ein utdanningskontekst, som til dømes gjennom vidaregåande opplæring eller høgare utdanning. Prosjektskissa som vert levert saman med søknaden må vere relevant for dei overordna forskingsspørsmåla og vere knytt til utdanningsfeltet.
Meir informasjon om Fagspråksenteret kan du finne HER.
Stipendiatprosjektet må vere tematisk relevant for fakultetet si forskingsverksemd og for fakultet sitt ph.d.-program, Studiar av danning og didaktiske praksisar.
Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram som er under revisjon og 49 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.
Den samla stipendiatperiode er 3 år. Dersom instituttet (ISLMT) har behov for å løysa arbeidsoppgåver som kan leggjast til stipendiatperioden, kan stipendiatperioden vere på 4 år, der 25 prosent av tida vil utgjere karrierefremjande arbeid (pliktarbeid) for instituttet på HVL.
Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin enten ved campus Bergen, campus Stord eller campus Sogndal i tilsettingsperioden.
Det kan bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.
Det er ønskeleg at stipendiaten startar i stillinga innan 1. oktober 2026.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år, eventuelt 4 år, der 25% av tida vil utgjere karrierefremjande arbeid på instituttet.
I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at stipendiaten:
bidreg konstruktivt inn i aktuelle forskingsgrupper
presenterer eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidssskrift
bidreg aktivt i ph.d.-programmet sitt stipendiatforum med tekstframlegg og innspel på adndre sine tekstar.
Det vert forutsett at stipendiaten sitt prosjekt er innretta slik at stipendiaten kan bli teken opp på ph.d.-studiet.
Kvalifikasjonskrav:
Søkjar må ha mastergrad/hovudfag i nordisk, norsk som andrespråk, språkvitskap, fleirspråklegheit, eller anna relevant fagområde. Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfristen.
Søkjar må meistre norsk språk eller eit anna skandinavisk språk på minimum B2-nivå, i tillegg til å ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på engelsk.
Søkjar må leggje ved ei kort prosjektskildring på 5 sider (litteraturlista kjem i tillegg) som kortfatta, men med tydeleg forankring i relevant forskings- og metodelitteratur på feltet, grunngjeve tema/problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt knytt til fagspråk i utdanning. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten.
Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Ein skal normalt søkje om opptak til ph.d.-utdanninga "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett. innan tre (3) månader etter oppstart. Jf. Forskrift for graden ph.d. ved HVL § 2-4.
Det er ein føresetnad at stipendiaten oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet og vert teken opp på ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar":
Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER.
Det er ein føresetnad at stipendiaten blir teke opp på ph.d.-programmet «Danning og didaktiske praksisar» ved HVL.
Ønska kvalifikasjonar:
Kjennskap til empiriske metodar for å kunne gjennomføre prosjektet. Det kan inkludere både kvantitative og kvalitative forskingsmetodar.
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd (særleg gjeld dette når personar innan eige utdanningsfelt vil inngå som deltakarar i dataproduksjonen).
Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.
Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;
masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
fullstendig publikasjonsliste
prosjektskildring
attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.