Stipendiat i kunstfagdidaktisk/musikkpedagogisk arbeid med kunstig intelligens og kreativitet
Søknadsfrist: 15.02.2026
Publisert
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-programet Studiar av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som stipendiat innan MishMash Senter for KI og kreativitet ved Institutt for kunstfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.
Om stillinga:
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen, er det ledig 1 åremålsstilling som stipendiat innan kunstig intelligens og kreativitet i kunstfaga (i hovudsak er stillinga forankra i fag- og forskingsfeltet musikkpedagogikk, men kunst og handverk, drama og/eller andre kunstfaglege pedagogiske felt kan også være aktuelle for stillinga). Stipendiatstillinga er knytt til MishMash Senter for KI og kreativitet, og forskergruppa Culture, Criticism, Community ved HVL.
MishMash er eit norsk nasjonalt KI-senter finansiert av Norges forskningsråd (2025–2030). Senteret inkluderer meir enn 200 fagpersonar ved ein rekke høgare utdanningsinstitusjonar i Norge, i samarbeid med ein rekke offentlege aktørar og næringslivspartnare. Hovudmålet til MishMash er å skape, utforske og reflektere over kunstig intelligens for, gjennom og i kreative praksisar. MishMash-forskarane vil undersøke KIs innverknad på kreative prosesser, utvikle innovative samskapande KI-system og utdanningsstrategiar, og reflektere over KIs etiske, rettslege, kulturelle og samfunnsmessige implikasjonar innan kreative områder. Se mishmash.no for meir informasjon.
Forskargruppa "Culture, Criticism, Community" (CCC) dannar knutepunktet for stipendiatens forskingsprosjekt lokalt ved HVL, og det er forventa at stipendiaten deltek aktivt i forskargruppa sine aktivitetar. CCC arbeidar med tverrfaglege problemstillingar innan kunstfaga, og då særskilt med kritiske perspektiv på kunstpedagogiske praksisar i skule, lærarutdanning og ved andre relevante arenaer.
Fakultetet si forsking er organisert i eitt forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram, som er under revisjon, og 49 forskargrupper. Forskargruppa CCC høyrer til forskingsprogrammet "Kunst, kreativitet og kulturelle praksisar". Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.
Sentrale forskingsspørsmål
Stipendiaten skal utforme prosjektet sitt til eitt eller fleire av forskingspørsmåla i MishMash arbeidspakke 4: Creative use of AI in education. Overordna forskingsspørsmål for arbeidspakken er: “How can creative AI be integrated into education to enhance learning and foster AI literacy while considering diversity, justice, inclusion and well‐being?”. Aktuelle metodologiske tilnærmingar vil vere å skape, å utforske og å reflektere (create, explore, reflect) over problemstillingar rundt kunstig intelligens i kunstfaglege utdanningskontekstar.
Vidare vil stipendiatprosjektet formast av éi eller fleire av underproblemstillingane:
How can creative AI be effectively integrated to enhance teaching and learning and foster human creativity?
How can the artistic use of AI within creative and fine arts education challenge and develop hierarchies of knowledge production in education and research?
What measures can ensure that ethical considerations such as diversity, justice, fairness, inclusion, privacy, trust, and accessibility are central to implementing AI in creative education?
How can the relationship between AI in formalised education and the application of AI in broader artistic practice be mapped and analysed to advance the use of Creative AI?
Stipendiatprosjektet må ha tematisk relevans for fakultetet si forskingsverksemd og for ph.d.- programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar".
Samla stipendiatperiode er 3 år. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved HVL, campus Bergen i tilsettingsperioden.
Stipendiatstillingar er rekrutteringsstillingar som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL. Det vil bli gjort frådrag i tilsettingsperioden for eventuell tidlegare rekrutteringsperiode.
Det er ønskeleg med tiltreding 01.09.2026.
Ansvars- og arbeidsområde:
Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 80 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptakskrav for programmet HER.
Stipendiaten skal inngå i eit godkjent opplegg for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år.
Stipendiaten sitt prosjekt skal innrettast slik at stipendiaten kan bli teke opp på ph.d.-studiet.
I tillegg til å gjennomføre ph.d.-prosjektet er det forventa at stipendiaten:
Bidreg konstruktivt inn i forskargruppa CCC og MishMash Senter for KI og kreativitet.
Presenterer eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert på nasjonale og internasjonale vitskaplege konferansar og tidsskrifter.
Stipendiaten som blir tilsett vil samarbeide på tvers av MishMash-nettverket og delta i alle relevante MishMash-aktiviteter.
Kvalifikasjonskrav:
Søkjar må ha mastergrad i musikkpedagogikk eller anna relevant fagområde, til dømes innan andre kunstfaglege pedagogiske og/eller didaktiske fagområde. I tillegg må kandidaten ha forståing for og innsikt i tema knytt til kunstig intelligens og utdanning.
Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Studiar av danning og didaktiske praksisar» ved HVL og oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:
Søkjar må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjande karakter:
Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre
Søkjar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller 1 års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.
Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER. Søknad om opptak til dette ph.d.- programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet. Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden. MishMash og CCC sine samarbeidspartnarar er, t.d. i Irland, Finland, Storbritannia og Canada er aktuelle vertsinstitusjonar.
Søkjar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på 5 sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit potensielt prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa. Vitskapleg kvalitet på prosjektskissa og tidlegare vitskapleg produksjon vil bli vektlagt i vurderinga av kandidatane.
Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Ein skal normalt søkje om opptak til ph.d.-utdanninga "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett. innan tre (3) månader etter oppstart. Jf. Forskrift for graden ph.d. ved HVL § 2-4.
Personlege eigenskapar:
Den som vert tilsett må
ha gode samarbeids- og formidlingsevner
ha evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel
høg etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd (særleg gjeld dette når personar innan eige utdanningsfelt vil inngå som deltakarar i dataproduksjonen)
erfaring med og interesse for å arbeide med kunstig intelligens i kunstfaglege utdanningskontekstar
vere nytenkjande, ha god gjennomføringsevne og kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap.
Det er viktig med gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Mykje av kommunikasjonen i forskingssenteret vil vere på engelsk.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;
masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
fullstendig publikasjonsliste
prosjektskildring
attestar og vitnemål.
Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.
Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.
Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.
Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
1) Instituttleiar for kunstfag Hege Gjerde Sviggum, hege.gjerde.sviggum@hvl.no
2) Førsteamanuensis og leiar for forskargruppa CCC, Tine Grieg Viig, tine.viig@hvl.no