LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Stipendiat i bevegelse, leik og utforsking i barnehagen - WP1

Søknadsfrist: 31.05.2022

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.

Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag har 180 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord.


Instituttet gjev undervisning på alle nivå og er involvert i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanningane, bachelorutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning. I tillegg bidreg instituttet i to-årige masterutdanningar og i Ph.d.-programmet Studier av danning og didaktiske praksisar. Instituttet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.


Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet har som mål å vere i front av profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt. I denne samanhengen er vi i kontinuerleg samarbeid med viktige aktørar i regionen om til dømes vidareutdanning og skule- og barnehagebasert kompetanseutvikling.

Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei stilling som stipendiat i bevegelse, leik og utforsking i barnehagen (WP1) ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Om stillinga:

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Bergen eller Sogndal, er det ledig ei 4-årig åremålsstilling som stipendiat i bevegelse, leik og utforsking i barnehagen.

Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Move-play-explore in early childhood education (MoveEarly). MoveEarly er eit stort forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling for å fremme bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Målet er å utvikle ein pedagogisk praksis som sikrar eit rikt miljø for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen, utvikle gode løysingar for kompetanseutvikling for tilsette og undersøke effekten av denne pedagogiske tilnærminga på barn sin fysiske aktivet, utvikling, læring og trivsel. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, FLKI, campus Sogndal. Prosjektet gjennomførast i samarbeid med forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking. Stipendiaten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting i Sogndal eller Bergen.

Den utlyste stillinga er knytt til pedagogisk grunnlagstenking om bevegelse, leik og utforsking i barnehagen. Saman med forskargruppa skal kandidaten arbeide med desse sentrale omgrepa for å bidra til ny kunnskap og nye didaktiske design i barnehagar. Rammeverket for studien er eit heilskapsperspektiv (økologisk) på barn si utvikling, leik, utforsking og bevegelse. Studien skal bidra til merksemd på korleis det fysiske leikemiljøet og den pedagogiske kulturen inviterer og skapar vilkår for handling. Arbeidet vil primært ha ei kvalitativ tilnærming knytt til undersøking av omgrepa leik, utforsking og bevegelse i fleire lag, både historiske og analytiske.

Stillinga lysast ut over 4 år med 75% av stillinga til forsking og 25% til undervisning og forskingsadministrative oppgåver. Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø i BARNkunne - Senter for barnehageforsking, barnehagelærarutdanninga, forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse, strategiske forskingsprogram og Ph.d.-programmet Danning og didaktiske praksisar.

Fakultetet si forsking er organisert i tre forskingssenter, fem strategiske forskingsprogram og 50 operative forskargrupper. Ei oversikt over forskingsorganiseringa ved fakultetet finn du HER.

Ph.d.-programmet "Studiar av danning og didaktiske praksisar" omfattar om lag 60 stipendiatar som alle er i gang med sitt ph.d.-prosjekt. Sjå omtale, studieplan og opptaktskrav for programmet HER.

Tiltreding etter avtale og seinast oppstart 01.01.2023.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiaten skal inngå i eit opplæringsprogram for ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 4 år der 25 prosent av tida vil utgjere pliktarbeid i form av blant anna undervisning, utviklingsarbeid og administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved HVL. Stipendiatstillinga er rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forsknigsmiljø ved HVL.

Det er ein føresetnad at stipendiaten vert teke opp på ph.d.-programmet «Danning og didaktiske praksisar» ved HVL. Opptak krev normalt karakteren B eller betre på masteroppgåva. Nærmare informasjon om doktorgradsprogrammet finn ein HER. Søknad om opptak til dette ph.d.-programmet skal først sendast etter eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-programmet. Stipendiaten vert oppmoda om å søkje utanlandsopphald i løpet av stipendiatperioden.

Som stipendiat vil du:

  • Gjennomføre litteratursøk og setje deg inn i fagområde
  • Planlegge, koordinere og gjennomføre kreative verkstadar
  • Gjere kvalitetsvurdering og analysar av data
  • Presentere eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert vitskaplege konferansar og tidsskrift
  • Bidra konstruktivt inn i forskargruppa Fysisk aktivitet og folkehelse og BARNkunne - Senter for barnehageforsking
  • Undervisning og rettleiing av studentar
  • Oppgåver knytt til forskingsstøtte

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha mastergrad/hovudfag med karakteren B eller betre innan pedagogikk eller barnehagekunnskap. Søkjarar med mastergrad innanfor andre fagområde som til dømes idrettsvitskap eller folkehelse kan også vurderast som kvalifserte dersom kompetansen er klart relevant for tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på masteroppgåva.

Mastergrad må vere oppnådd ved søknadsfristen. Søkjar må ha god kjennskap til kvalitativ metodikk og kunne kommunisere særs godt på norsk og godt på engelsk.

Søkjarar må leggje ved ei mellombels prosjektskisse på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema med forankring i forskingslitteraturen på feltet, problemstilling og val av teori og metodisk tilnærming for eit mogeleg prosjekt. Denne vert brukt i vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskissa.

Den endelege prosjektskissa vil bli utarbeida i samarbeid med tildelt rettleiar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ein eventuell tilsetting. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere teke opp på ph.d.-prgrammet "Studier og danning av didaktiske praksisar" ved Fakultet for lærerutdanning, kultur og idrett.

Det er ein føresetnad at stipendiaten oppfyller krava for opptak til Ph.d.-studiet:

  • Søkjer må ha fullført mastergrad, hovudfag eller tilsvarande og kunne dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at søkjar har følgjende karakter:
    • Masteroppgåve eller tilsvarande: Karakter normalt B eller betre
    • Masterstudie; gjennomsnitt for studiedelen: Karakter normalt B eller betre

Søkjarar med mastergrad utan pedagogisk eller didaktisk komponent må dokumentere minimum 5 st.p. pedagogisk utdanning eller eitt års heiltidspraksis frå pedagogisk/didaktisk arbeid.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har god kunnskap om barn si utvikling knytt til bevegelseskompetanse/motorikk
  • Har god kunnskap om barnehagepedagogikk, leik og utforsking
  • Har god kunnskap om fysisk aktivitet og folkehelse
  • Har erfaring med deltaking og gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har erfaring frå arbeid i barnehage
  • Har erfaring med teamarbeid
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga

Personlege eigenskapar:

  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • Gode evner i kreativt og teoretisk arbeid
  • Gode analytiske evner
  • God samarbeidsevne
  • Evne til å ta initiativ og ansvar
  • Kommuniserer godt med barn og voksne

Høgt etisk medvit i forskingsarbeidet er påkravd.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder;

  • masteroppgåva/hovudfagsoppgåva
  • inntil fem vitskapelege arbeid du ønskjer å ha med i vurderinga
  • fullstendig publikasjonsliste
  • prosjektskildring
  • attestar og vitnemål.

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overskridar 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, total maksgrense for opplasting av vedlegg er 50 MB.

Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg leggje ved NOKUT si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå NOKUT for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstilling. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen, leggjer du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.

Søkjarar til stipendiatstillingar vert vurdert av ein bedømmingskomité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse og andre krav fastsett i utlysinga. På bakgrunn av komitéen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju.

Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadene vert sendt elektronisk til bedømmingskomitéen.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat vert lønna i stillingskode 1017 - Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå lønna vert det trekt 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til ein kvar tid gjeld for stilling.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, vert varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:

1) Prosjektleiar og professor Eivind Aadland, tlf.: 57 67 60 86, e-post: eivind.aadland@hvl.no

3) Assisterande instituttleiar Torunn Herfindal, tlf.: 55 58 57 39, e-post: torunn.herfindal@hvl.no

2) Professor Elin Eriksen Ødegaard, tlf.: 55 58 59 32, e-post: elin.eriksen.odegaard@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS