Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiat - Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS)

Søknadsfrist: 21.02.2020

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS) har ledig en 100% midlertidig stilling som stipendiat

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram, samt Ph.d.-studiet "Helse, funksjon og deltaking". Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.

Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved Institutt for helse og funksjon er vi om lag 60 tilsette og 580 studentar med studiestad i Bergen. Vi har bachelorutdanningar i ergoterapi, fysioterapi og radiografi. I tillegg har vi også masterstudium i klinisk fysioterapi med tre studieretningar og tverrfaglege vidareutdanningar. Forsking og formidling knytt til desse fagområda og utdanningsforsking er ein viktig del av arbeidsoppgåvene våre.

Ph.d.-kandidaten vil arbeide på forskningsprosjektet «Innovation in image-based personalized medicine – the next generation of the radiography profession». Stillinga er knytt til Institutt for helse og funksjon. Stipendiaten si forsking vil inngå som del av verksemda i den tverrfakultære og tverrfaglege forskargruppa Idrett, helse og funksjon (https://www.hvl.no/forsking/gruppe/idrett-helse-og-funksjon) ved HVL og med tett samarbeid med forskingsgrupper ved Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV), Haukeland Universitetssykehus (HUS) (https://mmiv.no ).

Stipendiaten sitt forskingsprosjekt innrettas slik at stipendiaten kvalifiserer for opptak på ph.d.-studiet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINNREG), under pilaren Innovasjon i offentlig sektor.

Samla stipendiatperiode er 4 år i 100% stilling, med 25% av tida som pliktarbeid knytt til undervisning, forsking og/eller administrasjon. Pliktarbeidet fordelast over heile stipendiatperioden.

Arbeidsstaden er campus Bergen.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ph.d. prosjektet har som formål å undersøke korleis kvantitative bildebaserte biomarkørar kan integrerast i ein radiologisk arbeidsflyt ved bruk av kunstig intelligens og innovative løysingar.

Tidlegare forsking har vist at å utnytte dei kvantitative eigenskapane i til dømes MR-bilde kan bidra til individtilpassa medisin gjennom meir presis og betre diagnostikk. Ein integrasjon av nye metodar for klinisk bruk krev pålitelege, effektive og brukarvennleg verktøy og krev ei heilskapleg tilnærming. I forskingsprosjektet utfordrast det til ei ny og utvida forståing av bildeopptaksprosessen som inkluderer heile kjeda frå bildetaking til presentasjon av kvantitativ i tillegg til tradisjonell kvalitativ bildeinformasjon. I forskingsprosjektet nyttast blant anna eksisterande gynekologisk MR/PET/CT-bildeopptak og resultat frå kliniske og patologiske undersøkingar som datakjelde.

Forskingsprosjektet skal bidra til å utvikle radiografi som profesjon i ein kontekst av å forstå og integrere kunstig intelligens som del av praksis. Vidare skal prosjektet bidra til innovative endringsprosessar innan medisinsk avbilding, særskild i offentleg sektor.

Søkar skal allereie ved søknad formulere eit notat på maksimum 5 sider der søkar reflekterer over innovasjonsteoriar og spørsmål som kan vere interessante og aktuelle å undersøkje i prosjektet. Det føreligg ei foreløpig prosjektskisse for prosjektet og kandidatar oppfordrast til å ta kontakt med prosjektleiar Eli B Eikefjord for å få denne tilsendt. Vidare utforminga av og presisering av forskingsspørsmål i ph.d.- prosjektet vil gjerast i dialog med kandidaten som får stillinga, med utgangspunkt i vedkommande sin fagbakgrunn og interesser samt forskingsgruppa sine behov.

Tidleg i stipendiatperioden skal kandidaten utvikle og få godkjent ei fullstendig prosjektskildring som skal leggjast til grunn for det vidare arbeidet gjennom stipendiatperioden. Stipendiaten skal søke om å takast opp på ph.d.-studiet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling ved HVL. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet utarbeidast og sendast først etter tilsetting i stipendiatstilling. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanning skal vere godkjent av høgskulen seinast 3 månadar etter tilsetting.

Det er forventa at stipendiaten deltek aktivt på ph.d.-studiet gjennom stipendiatperioden og oppfyller dei arbeidskrav og plikter som det fører med seg. Jf. https://www.hvl.no/forsking/forskarutdanning.

I løpet av tilsettingsperioden skal ph.d.-kandidaten gjennomføre opplæringsprogrammet for ph.d-kandidatar, skrive minimum tre vitskapelege artiklar knytt saman med ei kappe og fullføre ph.d-graden ved disputas.

Kvalifikasjonskrav:

Søkjarar må ha profesjonsbakgrunn som radiograf, samt oppnådd mastergrad i helsefag eller tilsvarande relevant mastergrad. Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må vere godkjend seinast fire veker etter søknadsfrist.

Det er ein føresetnad at søkjaren fyller krava til opptak på ph.d.-studiet. Normalt tar programmet opp berre kandidatar med karakter A eller B på mastergradsoppgåva. Mastergradsoppgåva må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng.

Personlege eigenskapar:

Det blir lagt vekt på å vere personleg eigna til stillinga. Den som blir tilsett må vere nytenkjande, ha god gjennomføringsevne og kunne arbeide sjølvstendig og i eit fellesskap. Det er viktig med gode kunnskapar og god formuleringsevne i norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg.

Følgjande kvalifikasjonar vil ble særskild vektlagt:

Det vil bli lagt vekt på gode faglege kvalifikasjonar innafor det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva og relevante metodiske kvalifikasjonar. Eventuelle vitskapelege publikasjonar vil telje positivt. Søkjar bør demonstrere interesse og kvalifikasjonar innan informasjonsteknologi og databaserte løysingar.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er ansvaret til søkar å sørga for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovedfagsoppgaven og inntil fem vitskaplege arbeid dei ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, prosjektskildring, attestar og vitnemål

Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkarane blir vurderte av ein sakkunnig komite. Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkyndige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar verte kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskolen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Stipendiat er lønt etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1017, lønnstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hull i CV. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

  • Førsteamanuensis/Fagseksjonsleiar Eli Eikefjord tlf. 55 58 55 88

Søk stilling

Powered by Labrador CMS