Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiatstilling barnevern

Søknadsfrist: 30.08.2019

Stipendiat knytt til prosjektet «Expert reports as basis for decisions in Norwegian child welfare services»

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig stilling som stipendiat innan barnevern ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, Institutt for velferd og deltaking, campus Sogndal.

Ansvars- og arbeidsområde:

Stipendiatstillinga er knytta til forskingsprosjektet «Expert reports as basis for decisions in Norwegian child welfare services». Målet for prosjektet er å utvikle kunnskap om kva som kjenneteiknar sakkunnige utgreiingar og korleis desse blir brukt i den kommunale barnevernstenesta. Det er etablert samarbeid med forskarar i England og Sverige, for å kunne gjennomføre komparative undersøkingar. Vi ønsker prosjektplan som utforskar korleis sakkunnige utgreiingar inngår i barnevernets avgjerdsprosessar, kva vurderingar som ligg til grunn for å engasjere ein sakkunnig psykolog og korleis barnevernet vurderer kvaliteten og nytteverdien av dei sakkunnige utgreiingane i sitt arbeid med barnevernssaker.

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Fakultetet har ein vitskapleg ambisjon om å styrke forskingsbasert undervisning, rettleiing og praksis innan områda helse, funksjon og deltaking.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.


Ved Institutt for velferd og deltaking er vi omlag 90 tilsette og kring 1000 studentar fordelte på studiestadane Bergen og Sogndal. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sosialt arbeid, vernepleie og barnevern, og tverrfaglege masterutdanningar i samfunnsarbeid og psykisk helse og rus. Vi har også fleire etter- og vidareutdanningar. Forskinga ved instituttet er fleirfagleg og rettar seg mot heile det helse – og sosialvitskaplege feltet. Både forsking og undervisning ved instituttet har sosial deltaking som kjerneverdi. Det gjeld deltaking gjennom involvering av tenestemottakarar, samt deltaking i sivilsamfunnet, arbeidslivet og i eigen individuell prosess.

Stipendiaten vil vere del av ei større forskargruppe med fleire erfarne forskarar innan forskingsfeltet. Prosjektet vert leia av Professor Hanne Braarud og det er sendt inn søknad til NFR om eksternfinansiering av prosjektet. Stipendiaten vil også gå inn i forskingsgruppa for oppvekst, rus og sosial marginalisering ved HVL. Hovudrettleiar for prosjektet vert førsteamanuensis Tone Jørgensen.

Kvalifikasjonskrav:

  • sosialfagleg bachelorgrad og relevant mastergrad innan sosialfag eller samfunnsvitskap
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • må kunne arbeide sjølvstendig og målretta, men samstundes bidra til fellesskapet i fagmiljøet generelt og i forskingsgruppa spesielt
  • fagleg engasjement

Ønska kvalifikasjonar:

  • relevant erfaring frå forskings- og utviklingsarbeid
  • relevant praksiserfaring

Tilleggskrav:

  • søkjar skal legge ved ein tentativ prosjektplan på inntil fem sider med linjeavstand 1,5 som tek utgangspunkt i prosjektskissa som er laga, og skildre korleis søkjar ser føre seg gjennomføringa av prosjektet. Søkjar kan få tilgang til prosjektskissa ved å ta kontakt med kontaktpersonar i annonsa.
  • søkjar skal gjere greie for eigen motivasjon og legge ved refleksjonar over korleis eigen utdannings- og erfaringsbakgrunn styrkar prosjektet.

Mastergradsoppgåva må vere levert til vurdering innan søknadsfristen, og mastergraden må vere godkjent seinast fire veker etter søknadsfristen.

Det vert føresett at stipendiatprosjektet vert innretta slik at stipendiaten kan bli tatt opp på ph.d.-studiet «Helse, funksjon og deltaking» ved Fakultet for helse- og sosialvitskap. Seinast 3 månader etter tilsetting må stipendiaten vere tatt opp på ph.d.-programmet. Opptak krev normalt karakteren B eller betre på mastergrad, og/eller ei godt gjennomført masteroppgåve. Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetting.

Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved Høgskulen på Vestlandet. Tidsramma er på 4 år, og pliktarbeidet på 25 % skal utførast ved Høgskulen på Vestlandet. Det er vidare ein føresetnad at den som blir tilsett, har arbeidsplassen sin ved Høgskulen på Vestlandet, Campus Sogndal i tilsettingsperioden.

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved utgang av søknadsfristen. Det er søkjars ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, dette gjeld masteroppgåva/hovudfagsoppåva og inntil fem vitskaplege arbeid de ønskjer å ha med i vurderinga, reflekson over eiga utdanning/eigen erfaring, fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskriving, attestar og vitnemål. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 15 MB må desse komprimeras før opplasting eller leggast ved som lenkje.

Søkjarar til vitenskaplege stillingar blir vurdert av ein sakkunnig komité. Bedømminga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse, inntil 5 vitenskaplege arbeid. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli innkalla til intervju og framlegg av prosjektplan. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalet ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane blir sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving – og utvikling
  • Høve til trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat er løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønnstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til einkvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jmf. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA bedrift.

Kontaktperson(er) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Prosjektleiar Hanne Braarud, e-post hanne.cecilie.braarud@hvl.no

2) Rettleiar Tone Jørgensen telefon: 57 67 62 60 / 99 16 02 59, e-post tone.jorgensen@hvl.no

Søk stillingen

Powered by Labrador CMS