Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Stipendiat - Prosessevaluering av forskingsprosjektet Active Learing Norwegian Preschool(er)s

Søknadsfrist: 26.01.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som stipendiat i idrettsvitskap ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program.

Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.

Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Om stillinga:Stillinga er knytt til forskingsprosjektet Active Learning Norwegian Preschool(er)s (ACTNOW). ACTNOW er eit storskala forskings- og utviklingsprosjekt knytt til kompetanseutvikling i høve til fysisk aktivitet i barnehagen. Målet er å utvikle gode og bærekraftige modellar for auka fysisk aktivitet i barnehage og undersøke effekten av fysisk aktivitet på barns generelle utvikling, læring og helse. Prosjektet er leia av professor Eivind Aadland ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Campus Sogndal, her også stipendiaten vil ha sin arbeidsstad/tilknyting. Den utlyste stillinga vil inngå som ein del av ein «mixed methods» prosessevaluering av intervensjonen som gjennomførast i ACTNOW. Evalueringa gjennomførast mellom anna ved bruk av standardiserte observasjonsinstrument, dybdeintervju og fokusgruppeintervju. Stillinga lysast ut over 4 år med 25% pliktarbeid. Stipendiaten vil vere ein del av HVL sitt fagmiljø innafor idrettsutdanninga og barnehagelærarutdanninga, det strategiske forskingsprogrammet Idrett, fysisk aktivitet og kosthald, og PhD-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett.

Ansvars- og arbeidsområde:

  • Gjennomføre litteratursøk og setje seg inn i eige fagområde
  • Planlegge, koordinere og gjennomføre datainnsamling
  • Gjere kvalitetsvurdering og analysar av data
  • Presentere eiga forsking skriftleg og munnleg i ulike fora, inkludert vitskaplege konferansar og tidsskrift
  • Bidra konstruktivt i forskargruppa fysisk aktivitet og folkehelse
  • Undervising og rettleiing av studentar

Kvalifikasjonskrav:

Mastergrad i idrettsvitskap, pedagogikk, helsefremmande arbeid, barnehagekunnskap eller tilsvarande fag/kvalifikasjonar, må vere oppnådd ved søknadsfristen. Søkjarar med mastergrad frå andre fag som kan dokumentere god kjennskap til tematikken i utlysinga, t.d. gjennom fagleg vinkling på masteroppgåva, kan og vurderast som kvalifiserte.

Søkjarar må leggje ved ei førebels prosjektskildring på inntil fem sider som presenterer og grunngjev tema, problemstilling og val av teori og metode for eit potensielt prosjekt. Denne prosjektskildringa blir brukt til vurdering av kvalifikasjonane til kandidaten og vil ikkje vere den endelege prosjektskildringa. Endeleg prosjektskildring og plan for gjennomføring av forskarutdanning vil seinare bli uforma i samråd med rettleiarar når ein søkjer opptak til doktorgradsprogrammet. Prosjektskildringa skal vere godkjend av høgskulen seinast 3 månader etter at ein er teke til i stillinga. Normalt tar programmet berre opp kandidatar med karakter A eller B på mastergraden.

Følgjande kvalifikasjonar vil bli særskilt vektlagt: Faglege kvalifikasjonar innanfor det utlyste området, med hovudvekt på kvalitet i masteroppgåva, metodiske kvalifikasjonar, samt den førebelse prosjektskissa. Eventuelle vitskaplege publikasjonar kan og bli vektlagt.

Kandidaten må kunne kommunisere særs godt på norsk og godt på engelsk.

Ønska kvalifikasjonar:

  • Har erfaring med gjennomføring av større forskingsprosjekt
  • Har både kvalitativ og kvantitativ metodekunnskap
  • Har god kjennskap til idrettsvitskap, folkehelsearbeid, barnehageforsking og/eller evalueringsforsking
  • Har erfaring frå arbeid i barnehage eller skule
  • Har tidlegare publikasjonar med relevans for utlysinga

Personlege egienskapar:

  • God evne til munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • God evne til sjølvstendig og systematisk arbeid
  • God samarbeidsevne
  • Evne til å ta initiativ

Korleis søkje på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merket ”Søk stillingen” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder masteroppgåva/hovedfagsoppgåva, ev. vitskaplege arbeid de ønsker å ha med i vurderinga (ikkje fleire enn 5), fullstendig publikasjonsliste, prosjektbeskrivelse, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på et skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettjingar. Hvis vedlegga overskrid 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søkjarar til vitskaplege stillingar blir vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på bakgrunn av dokumentert kompetanse. På bakgrunn av utvalet si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Tilsettingsorgan er tilsettingsutvalget/råd ved Høgskulen på Vestlandet.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med mogelegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida

Stillinga som stipendiat lønast i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga.

Frå løna blir det trukket 2 % innskudd til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjer som til einkvar tid gjeld for stillinga.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at i henhald til ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjarar vil bli varsla dersom slik førespurnad ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogeleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er dirfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ein IA-bedrift.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Professor Eivind Aadland, e-post: [email protected], telefon: 57 67 60 86

2) Assisterande instituttleiar Ane K. Solbraa, e-post: [email protected], telefon: 57 67 60 81 / 909 53 275

Søk stillingen