Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.HVL si Avdeling for økonomi er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også verksemdsstyring og internrevisjon.
HVL si Avdeling for økonomi og arealforvaltning er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvar for HVL sin samla økonomifunksjon, arealforvaltning, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også virksomheitsstyring og internrevisjon.
Om stillinga:
Vi søkjer ein engasjert og framtidsretta medarbeidar som vil vere med på å drive digitalisering i universitets- og høgskulesektoren. Stillinga inngår i vårt arbeid med å utvikle og implementere løysingar for automatisering og effektivisering av prosessar som stør utdanning, forsking og administrasjon.
Oppstartsdato er etter nærmare avtale og arbeidsstaden er campus Bergen, Sogndal, Haugesund eller Stord.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Bidra til strategisk utvikling og digital omstilling i avdelinga i samarbeid med interne og eksterne aktørar
Delta i prosjekt innan digitalisering, automatisering og KI
Analysere arbeidsprosessar og identifisere område for forbetring
Utvikle og implementere digitale løysingar
Støtte kompetanseheving og opplæring i digitale verktøy og prosessar
Følgje med på trendar og teknologiutvikling innan digitalisering og KI
Andre driftsoppgåver må påreknast
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis utdanning på masternivå innan IT, teknologi, økonomi eller tilsvarande.
Analytisk og løysingsorientert tilnærming.
Gode kommunikasjonsevner og evne til å samarbeide på tvers av fagmiljø.
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Erfaring med digitaliseringsprosjekt, prosessforbetring og automatisering.
Kjennskap til digitaliseringsverktøy (lavkode og høykode plattform) og prosessanalyse.
Kjennskap til programmeringsspråk (til dømes Python, Power plattforma, BI verktøy)
Ønskeleg med prosjekterfaring
Personlege eigenskapar:
Gode samarbeidsevner
Strukturert og sjølvstendig
Sterkt engasjement
Kan prioritere oppgåver og vere leveransedyktig
Løysingsorientert
Vi tilbyr:
Ei spennande stilling i eit fagleg miljø med stor påverknadskraft.
Moglegheit til å forme framtida sine digitale løysingar i UH-sektoren.
Gode utviklingsmoglegheiter
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.