Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar - helsefremjande arbeid i barnehage og skule

Søknadsfrist: 02.06.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod.
Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.


Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er og ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, kroppsøving, friluftsliv og folkehelse.

I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap og fysisk aktivitet og kosthald i eit skulemiljø. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde på alle nivå i barnehagelærarutdanninga, praktisk-pedagogisk utdanning og ved grunnskulelærarutdanningane, og bidreg i fakultetet sitt Ph.D.-program Danning og didaktiske praksisar.

Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til vidareutdanning og kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er det ledig ein mellombels stilling som rådgjevar nasjonalt oppdrag ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett frå medio august til 1. juni 2021

Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei stilling som rådgjevar nasjonalt oppdrag ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, campus Bergen. Stillinga er knytt til instituttet si oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet. Det overordna målet med dette arbeidet er å styrka barnehagens og skulens rolle som helsefremjande arena, med fokus på fysisk aktivitet, ernæring, mat og måltid, og på skulefagene kroppsøving og mat og helse. Som ein del av det nasjonale oppdrag gjennomførast ulike kompetanseutviklingstiltak i barnehage, SFO og skole, samt utvikling og formidling av pedagogisk rettleiings- og støttemateriell til målgruppene. Formidlinga er i hovudsak nettbasert og skjer via fleire nettsidar (mhfa.no, aktivitetskassen.no, svømmedyktig.no). Aktuelle målgrupper er lærarutdanningane, skule- og barnehageeigarar, leiarar og tilsette i barnehagar og skuler, relevante helsepersonellutdanningar, samt leiarar og personell i helsestasjons- og skolehelsetjenesten.

Vi søkjer no etter ein medarbeidar med kompetanse innan relevant fagområde knytt til det nasjonale oppdraget, prosjekterfaring og med gode evner til målgrupperetta utviklings- og formidlingsarbeid

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Aktuelle ansvars- og arbeidsoppgåver kan vere:

  • Utvikle og formidle digitalt pedagogisk rettleiings- og støttemateriell innan kosthald og måltidsarbeid, og fysisk aktivitet primært retta mot barnehage, SFO og skule (formidlast via mhfa.no)
  • Bidra i og gjennomføre oppgåver knytt til nasjonalt og regionalt helsefremjande arbeid i barnehage og skule
  • Administrative oppgåver og samhandling med eksterne
  • Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen

Noko reising må påreknast.

Kvalifikasjonskrav:

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare utdanning frå universitet eller høgskule på mastergradnivå innan relevant fagområde for stillinga (til dømes helsefremjande arbeid blant barn og unge, mat og måltid, fysisk aktivitet)
  • Erfaring frå prosjektarbeid
  • God skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse

Følgande teller positivt i vurderinga

  • Praktisk-pedagogisk kompetanse og/eller pedagogisk erfaring
  • Relevant erfaring frå barnehage, eller frå grunnskule, vidaregåande opplæring og/eller høgare utdanning
  • Erfaring med digitalt utviklings- og formidlingsarbeid

Personlege eigenskapar:

Vi søkjer etter ein engasjert medarbeidar som kan arbeide sjølvstendig og i team, ein som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne og som har eit stort engasjement for helsefremjande arbeid i barnehage og skule. Kjennskap til norsk skulestruktur, praksisfelt og målgrupper for det nasjonale oppdraget er og ønskjeleg.

Det vil bli lagt vekt på at søkjaren er personleg egna for stillinga..

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Me gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjonen som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjars ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434- rådgjevar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetting og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stilling

Powered by Labrador CMS