LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

Juridisk rådgivar - fast og mellombels stilling

Søknadsfrist: 28.11.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for utdanningskvalitet har ansvar for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane og skal vera bidragsyter for eit godt læringsmiljø for alle våre studentar.


Avdelinga skal støtte opp under og rådgje fakulteta i deira arbeid med utdanningskvalitet. Vidare skal avdelinga bidra med rådgjeving og strategisk utviklingsarbeid for rektoratet knytt til arbeid knytt til utdanning, læringsmiljø og studiekvalitet.

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for utdanningskvalitet har ledig 1 fast stilling i 100 % og 1 mellombels stilling (vikariat) i 100 % som juridisk rådgivar.

Stillingane vil vere knytt til Eining for utdanningskvalitet, studieportefølje og analyse som er under prorektor for utdanning sitt ansvarsområde. Eininga har mellom anna ansvar for utvikling av systemet for arbeid med kvalitet i utdanningane, arbeid med studieportefølje, akkreditering, reakkreditering og periodisk evaluering av studieprogram, kvalitet i studie –og emneplanar, årsrapport, studiebarometeret, forvaltning av lov- og regelverk og "Sei i frå". Eininga er sekretariat for Utdanningsutvalet (UU), Skikkavurderingsnemnda og Klagenemnda.

Den faste stillinga har arbeidsstad campus Sogndal og er ledig frå 01.02.2022.

Den mellombelse stillinga har arbeidsstad på ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Sogndal, Førde, Stord eller Haugesund. Stillinga er ledig for perioden 01.01.2022-31.12.2022.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Arbeid/delta i sekretariatet for Klagenemnda ved HVL
  • Utvikle og styrke det juridiske perspektivet knytt til utdanningane og avdelinga
  • Delta og gje råd i sakshandsaming
  • Delta i utvikling av arbeidsprosessar, forskrifter og retningslinjer
  • Delta i kompetanseutvikling av sakshandsamarar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Til stillingane vert det stilt krav om juridisk embetseksamen/ master i rettsvitskap

Ønska kvalifikasjonar:

  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå liknande arbeid i sektoren er ein fordel
  • Erfaring frå annan offentleg verksemd vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • Serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • Sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • Gode norsk- og engelskkunnskaper og god skriftleg og munnleg formidlingsevne

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillingane er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

Søk stilling

Powered by Labrador CMS