LEDIG STILLING VED HØGSKULEN PÅ VESTLANDET

HR-rådgjevar (rekruttering) - campus Bergen

Søknadsfrist: 06.06.2021

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem campusane. Avdelinga skal arbeida tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal leiarane støttast i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området.

Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, og felles retningslinjer for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

Ledig stilling som rådgjevar innan HR-rekruttering ved campus Bergen

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR, har ledig ei fast stilling som rådgjevar innan HR-rekruttering

Stillinga er knytt til Avdeling for HR. Det er denne eininga som tek hand om HR-rekrutteringsarbeidet for heile høgskulen. Blant arbeidsoppgåvene for stillinga er å bidra under utarbeiding av kravspesifikasjonar for stillingar, utarbeiding av utlysingstekstar, oppfølging av søkjarar, administrasjon av, og deltaking under intervju, sakshandsaming, kvalitetssikring og utarbeiding av tilbod om stilling. Det vil også liggje andre personaladministrative oppgåver til stillinga, som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, søkjarar og tillitsvalte på arbeidsfeltet. Det er om lag 17 årsverk knytt til HR-rekrutteringsarbeidet ved høgskulen, slik at den som vert tilsett kjem inn i eit etablert fagmiljø med høg kompetanse og eit utstrekt og nært samarbeid om utføringa av arbeidsoppgåvene.

Hovudarbeidsstad for stillinga er campus Bergen.

Det kan også bli aktuelt å tilsetja i kortare, mellombelse stillingar som rådgjevar eller seniorkonsulent med desse same arbeidsoppgåvene. Dette kan vere ved andre campus enn Bergen, altså også Førde, Sogndal, Stord og Haugesund.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Ansvars- og arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere:

  • Personaladministrative oppgåver med særleg vekt på handsaming av tilsettingssaker, herunder deltaking i intervju
  • Generell sakshandsaming, utreiingsoppgåver, opplæring og anna
  • Leiarstøtte innan HR og bidra til kvalitetssikring i det daglege arbeidet
  • Vidareutvikling av rutiner med fokus på effektive arbeidsprosessar

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • Relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå, helst masternivå
  • Administrativ erfaring og kompetanse innan HR, og gjerne erfaring med rekruttering
  • Solid kjennskap til bruk av administrative datasystem og generelt god IKT-kompetanse
  • Gode skriftlege og munnlege språkkunnskapar innan norsk og engelsk

Det er og ønskjeleg med:

  • Relevant erfaring frå sakshandsaming i offentleg sektor, gjerne UH-sektoren
  • Erfaring med rekruttering er ein føremon

Personlege eigenskapar:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å ta initiativ, jobbe sjølvstendig og i team
  • Stor arbeidskapasitet og god serviceinnstilling
  • Fleksibilitet og fagleg engasjement
  • Systematisk og oppteken av kvalitet

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som HR-rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - Rådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkinga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og personar med hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fung. nestleiar ved Avdeling for HR, Elisabet Veland, telefon 55 58 75 090

2) Fung. fagansvarleg for HR-rekruttering, Lisbeth Thomsen, telefon 55 58 71 2

Søk stilling

Powered by Labrador CMS