Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Fakultetsrådgivar - Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Søknadsfrist: 02.02.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som fakultetsrådgivar ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Til stillinga ligg oppgåver innanfor ressurs- og økonomistyring i fakultetet, inkludert rapportering, analyse og utgreiingsarbeid. Den som får stillinga vil arbeide tett på leiinga i fakultetet og stillinga rapporterer til administrasjonssjef. Fakultetet har aktivitet og tilsette på tre campus, Sogndal, Stord og Bergen, og den som blir tilsett vil ha arbeidsstad på ein av campusane.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Ressursstyring i fakultetet, inkludert systemansvar, analyse og rapportering
  • Bistand og rådgiving innan ressursplanlegging og -styring til fakultetsleiing
  • Bistand og rådgiving innanfor økonomiområdet til leiarar i fakultetet
  • Utgreiings- og utviklingsarbeid i tråd med strategi og planar i fakultetet
  • Førebuing og oppfølging av saker til råd og utval
  • Støttefunksjon i andre saker etter behov og i samråd med administrasjonssjef

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning på masternivå, fortrinnsvis innan økonomiske fag. Særleg omfattande og relevant spesialkompetanse i fagfeltet i tillegg til bachelorgrad, kan kompensere for masterkravet.
  • Systemforståing og evne til å handtere komplekse modellar og store datamenger
  • Høg digital kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring innanfor funksjonsområda i stillinga
  • Erfaring med digitaliserings- og effektiviseringsprosessar
  • Kjennskap til utdanningssektoren

Personlege eigenskapar:

  • Strukturert, strategisk og ansvarleg
  • Initiativrik og utviklingsorientert
  • Fleksibel med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som fakultetsrådgivar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgivar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Tone Reistad, administrasjonssjef, tlf: 55 58 57 75/ 99465399

Søk stilling

Powered by Labrador CMS