Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar FS - Avdeling for utdanningskvalitet

Søknadsfrist: 05.01.2020

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), er det ledig fast 100% stilling som rådgjevar Felles Studentstystem (FS) ved Avdeling for utdanningskvalitet

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.


Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.


HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Stillinga vil vere ein del av FS-teamet og plassert i Avdeling for utdanningskvalitet som er under prorektor for utdanning sitt ansvarsområde. FS er eit styrande system i utdanningsadministrasjonen i HVL og alle studieadministrative system, som t.d. Canvas og Wiseflow er integrert med dette systemet.

Arbeidsstad vil vere på campus Sogndal eller campus Førde, etter avtale.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Sikre felles bruk og kva rutinar som skal gjelde for registrering og endring av data i FS
  • Testing av nye funksjonalitetar i FS og tilhøyrande system.
  • Støtte og opplæring av FS-brukarar ved HVL
  • Registrering av data og rapportering til DBH/DBH Fagskolestatistikk
  • Produsere HVL-interne rapportar som grunnlag for analyse
  • Kvalitetssikre FS-data

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetansar:

  • Det vert stilt krav om relevant høgare utdanning på minimum bachelornivå.
  • Erfaring frå UH-sektoren og dokumentert høg FS-kompetanse med kjennskap til dei fleste modulane i databasen.
  • Erfaring med bruk av andre relevante IT-verktøy (Spesielt Pureseservice, samt Excel som analysevertøy. Kjennskap til Tablau vil vere ein fordel, men ikkje eitt krav)
  • Gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i norsk og engelsk.

Personlege eigenskapar:

  • Serviceinnstilt, fleksibel og imøtekommande
  • Løysings- og utviklingsorientert
  • Sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - Rådgjevar

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Fagansvarleg FS, Andrea Kristin Kjellevold Sleire, telefon + 47 55 58 71 89

2) Avdelingsleiar, Solfrid Kjoberg, telefon + 47 57 67 62 04 / mobil + 47 40 62 32 15

Søk stilling

Powered by Labrador CMS