Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Rådgjevar – Organisasjonsutvikling og HR

Søknadsfrist: 08.12.2019

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for HR har ledig ei fast 100% stilling som rådgjevar innan organisasjonsutvikling og HR

Om stillinga:

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.


Fellesadministrasjonen ved HVL har ansvar for dei ulike administrative tenestene ved høgskulen.

Avdeling for HR (AHR) er plassert i organisasjonsdirektøren si linje. Eininga har i dag om lag 35 tilsette og er inndelt i fagområda HMS og arbeidsgjevarpolitikk, rekruttering og løn.


Avdeling for HR har tilsette ved alle dei fem campusane. Avdelinga skal arbeide tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Vidare skal vi støtte leiarar i utøving av arbeidsgjevaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Avdeling for HR skal sørgje for at HVL har gode system for forvalting, felles retningslinjer og praksis for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarane opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgjevar.

HVL har utpeika fire satsingsområde i bygging av institusjonen; kompetanseutvikling, organisasjonsutvikling og samhandling, internasjonalisering og digitalisering. Denne stillinga vil ha eit breitt arbeidsfelt og skal medverke og leggje til rette for organisasjonsbygginga. Stillinga vil derfor arbeide på tvers i organisasjonen og ha stor kontaktflate mot fakulteta og dei fellesadministrative tenestene. Rådgjevaren må kunne orientere seg og gi råd om gode val innanfor HR sitt ansvarsområde.

Vi ser etter ein kandidat som har gode analytiske ferdigheiter og god teknologi- og organisasjonsforståing.

Stillinga er plassert med hovudarbeidsstad i Sogndal.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Stillinga skal støtte arbeidet med organisasjonsutvikling, kompetanseutvikling og samhandling. Dette inneber å ta initiativ til gjennomføre prosessar på tvers av organisasjonen ut frå behova til ei kvar tid. Vi har etablert fleire delprosjekt innan strategisk kompetanseutvikling, skal i gang med prosess for å bli sertifisert innan Charter and code (sertifiseringsordning i EU) og gjennomføring av arbeidsmiljøundersøking i HVL. Til stillinga vil det også ligge generell sakførebuing for saker som skal til styret og råd/utval.

Kvalifikasjonskrav:

Til stillinga vert det stilt krav om høgare utdanning på masternivå. Det er ønskjeleg med god forståing for universitets- og høgskulesektoren, erfaring frå utgreiings- og analysearbeid og kompetanse innan prosjektstyring.

Rådgjevaren må kunne arbeide sjølvstendig og strategisk, ta initiativ og vere ein pådrivar, og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. I tillegg må rådgjevaren kunne uttrykke seg godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk, og ha god digital kompetanse.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseutvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. For særleg godt kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å tilsetje i stillingskode 1364 - seniorrådgjevar.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annen dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar. Dersom vedlegga overskrider 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggast ved som lenke.

Søknader kan ikkje sendes på e-post til enkeltpersoner ved høgskulen.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynskje ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Høgskulen på Vestlandet er ei IA-verksemd.

Kontaktperson(ar) ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Avdelingsleiar Avdeling for HR Wenche Fjørtoft, telefon +47 415 59 822

2) Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik telefon +47 454 26 924.

Søk stilling

Powered by Labrador CMS