Stilling:

Rådgivar - arbeidsgivarpolitikk og medbestemming

Søknadsfrist 8. oktober 2018

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er en av de største høgskolene i landet, med om lag 1 800 ansatte og 16 000 studenter fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innen helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr ulike årsstudium og bachelor-, master- og doktorgradsutdanninger.

HVL skal være tett på arbeidslivet, regionen og studentene, og har ambisjoner om å bli et universitet med profesjons- og arbeidslivsrettet profil.

Avdeling for HR ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), har ledig fast stilling som rådgivar. Vår nye medarbeidar vil få ei sentral rolle i å utvikle HVL sin arbeidsgivarpolitikk og legge til rette for samarbeidet med dei tilsette sine organisasjonar.

Avdeling for HR skal jobbe tett opp mot fakulteta og fellesadministrasjonen sine behov. Avdeling for HR skal støtte leiarane i utøvinga av arbeidsgivaransvaret og i strategisk utviklingsarbeid innan HR-området. Vidare skal Avdeling for HR sørgje for at HVL har gode system for forvaltning, og felles retningsliner for ivaretaking av god personalpolitikk. Tenestene skal utviklast slik at tilsette og leiarar opplever HVL som ein attraktiv, trygg og utviklande arbeidsgivar.

HVL sin arbeidsgivarpolitikk er under utvikling. Vi bygger ein ny organisasjon, med nye strukturar og system og ein personal- og lønspolitikk som skal gjere oss i stand til å nå måla våre. Dette gjer vi i tett samarbeid med våre tillitsvalde. Vi søker etter ein ny medarbeidar med relevant kompetanse og erfaring frå slikt arbeid.

Ansvar og arbeidsoppgåver:

Stillinga vil ha ei sentral rolle som støtte til strategisk leiing i utforming av arbeidsgivarpolitikk, og ha særskilt ansvar for tilrettelegging/leiarstøtte i utøvinga av arbeidsgivarfunksjonen. Vår nye medarbeidar vil få ansvar og arbeidsoppgåver knytt til drift og utvikling av viktige deler av HVL sin arbeidsgivarpolitikk.

Dette inkluderer:

  • Ivaretaking og utvikling av lønspolitikk og system knytt til gjennomføring av lønsforhandlingar etter Hovudtariffavtalen i staten.
  • Leiarstøtte i førebuing og gjennomføring av drøftingar og forhandlingar etter Hovudavtalen i staten.
  • Forvalting og utvikling av internt regelverk/prosedyrar på området.
  • Kontaktpunkt for tillitsvalde.
  • Støtte og rådgiving til leiarar i heile organisasjonen i saker etter avtaleverket, særleg knytt til leiing og arbeidsgjevarfunksjon.
  • Sekretariatsfunksjonar for ulike faste og prosjektbaserte råd og utval.
  • Sakshandsaming og utgreiingsoppgåver.

Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må påreknast.

Kvalifikasjonar:

  • Høgre utdanning på mastergradsnivå. gjerne med juridiske fag i fagkrinsen
  • Erfaring med og kompetanse på utforming av arbeidsgivarpolitikk og praktisk partssamarbeid
  • Gode kunnskapar om relevante lover og avtale- og regelverket i offentleg sektor
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren er ein fordel
  • Gode språkkunnskapar innan norsk og engelsk (skriftleg og munnleg)

Personlege eigenskapar som vert vektlagt er:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Stor arbeidskapasitet og serviceinnstilling
  • Fleksibel og fagleg engasjert

Slik søkjer du:

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

Lønnsvilkår:

Stillinga som rådgivar er lønna etter gjeldande hovudtariffavtale, i stillingskode 1434.For spesielt kvalifiserte kan det vere aktuelt å tilsetje i stilling som seniorrådgivar, stillingskode 1364. Frå lønna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving og -utvikling
  • Fleksitid jf. Særavtale om fleksibel arbeidstid i staten
  • Moglegheit for trening i arbeidstida

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på (jf. offentleglova) at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjar vil bli varsla dersom ønsket ikkje vert teke til følgje.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad reflektere mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personer med minoritetsbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne.

HVL er ei IA-verksemd.

Kontaktperson:

Søk stilling