Ledig stilling ved Høgskulen på Vestlandet

Professor innan sjukepleie / sykepleie

Søknadsfrist: 16.08.2020

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for helse- og sosialvitskap har om lag 370 tilsette og om lag 4500 studentar. Vi har eit breitt utdanningstilbod innan helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar, etter- og vidareutdanningar og fleire masterprogram.


Faktultetet tilby ph.d.- utdanninga "Helse, funksjon og deltaking". I tillegg har Fakultetet for helse- og sosialfag ansvar for forskingsområdet: "Innovasjon i offentleg sektor" i ph.d. - utdanninga Responsible Innovation and Regional Development (RESINNREG), som er eit samarbeid på tvers av fakulteta.


Studentane våre får omfattande ferdigheitstrening i tillegg til praksis, mellom anna gjennom øvingar i kommunikasjon og utprøving ved eit avansert simuleringssenter, SimArena. Vi praktiserer fleksible læringsformer der studenten sjølv blir utfordra til å delta i forsking og utviklingsarbeid.

Ved institutt for helse- og omsorgsvitskap er vi om lag 210 tilsette og om lag 2400 studentar fordelte på studiestadane Førde, Bergen, Haugesund og Stord. Vi tilbyr bachelorutdanningar i sjukepleie og masterstudium i klinisk sjukepleie med sju ulike fordjupingsområde.

I tillegg har vi masterstudium i jordmorfag, masterstudium i samhandling innan helse- og sosialtenester, masterstudium i helse- og omsorgsvitskap, samt ei rekkje vidareutdanningar. Forskinga vår er retta mot å styrke kunnskapsgrunnlaget innan klinisk sjukepleie, kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstenester, folkehelse og livsstil samt utdanningskvalitet.

Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse- og sosialvitskap har ledig fast 100 % stilling som professor innan sjukepleie

Stillinga er knytt til Institutt for helse- og omsorgsvitskap, ved campus Førde, men det må også påreknast undervisnings- og rettleiingsoppgåver ved andre campus ved Høgskulen på Vestlandet.

Arbeidsstaden er campus Førde.

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

Du vil bidra til å styrke utdanning og forsking innan sjukepleiefeltet, og spesielt innan feltet folkehelse og helsefremmande arbeid, frå bachelornivå til ph.d.-nivå. Meir spesifikt vil du styrke bachelorprogrammet vårt i sjukepleie, og kurset "Folkehelse i eit nasjonalt og globalt perspektiv", masterstudiet "Samhandling og folkehelse" og doktorgradsprogrammet "Helse, funksjon og deltaking".

Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på søkjar sin samla vitskaplege produksjon, og det er naudsynt med forskingskompetanse innan nokre av følgjande felt:

  • teoretisk og empirisk arbeid innan sjukepleie og folkehelse
  • helsefremmande arbeid
  • forsking i helsetenester med vekt på sjukdomsførebygging og helsefremmande arbeid
  • leiing og organisering av helsetenester
  • pasient-, brukar- og familieerfaringer knytta til helsetenester

Forventa oppgåver og roller:

  • styrke utdanning og forsking innan sjukpleie, folkehelse og helsefremmande arbeid
  • søke om ekstern forskingsfinansiering, nasjonalt og internasjonalt
  • bidra til utvikling av fakultetet sine doktorutdanningar og bygge opp dei overordna forskingsprogramma
  • bidra i institusjonsbyggande arbeid irekna: rettleie tilsette, fagadministrative oppgåver, internasjonalinsering og samhandling med eksterne partnarar
  • undervise, rettleie og evaluere studentar på bachelor-, master- og ph.d.-nivå og bidra til å utvikle det samla utdanningstilbudet
  • bidra til å utvikle instituttet sine nasjonale og internasjonal forskingsnettverk

Kvalifikasjonskrav:

Formell utdanning og kompetanse:

  • grunnutdanning i sjukepleie
  • professorkompetanse
  • Ph.d-grad i sjukepleie, folkehelse eller andre relevante fagområder
  • forskingserfaring innan folkehelse
  • prosjektleiarerfaring frå store forskingsprosjekt
  • gode analytiske ferdigheiter, spesielt knytta til kvantitative forskingsmetoder
  • erfaring med å skaffe ekstern finansiering
  • erfaring med undervisning og rettleiing frå universitet og høgskule på alle nivå
  • erfaring med- og interesse for nasjonalt og internasjonalt forskingssamarbeid og betydeleg internasjonal publisering
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Undervisningsspråket er norsk. Søkjarar som ikkje beherskar norsk eller eit anna skandinavisk språk, må forplikte seg til å gjennomføre kurs i norskopplæring innan to år frå tilsettingsdato.

Kriterier for tilsetting i undervisning- og forskarstillingar går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter kandidatar med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, som er innovativ og med gode administrative eigenskapar. Du er god på å opprette forskingsnettverk, er opptatt av å bidra positivt inn i arbeidsmiljøet, og har interesse for å vidareutvikle e-læring og digitalundervisning.

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, her dei vitskaplege arbeida (inntil 15 stk.), fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Søkjar bør nemne dei arbeid eller delar av arbeid som skal særleg leggast vekt på ved vurdering. Søknaden må også innehalde oversikt over vedlegg som dokumentera søkjaren sine pedagogiske kvalifikasjonar. Dersom vitnemåla, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv lasta opp attesterte omsettingar. Om vedlegga overstig 15 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenke.

Vi gjer merksam på at søknader blir vurdert med den informasjon som ligg føre i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen. Det er svært viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som skal vurerast, i sin heilheit blir lasta opp som vedlegg i søknaden. Det er også mogleg å bere legge ved lenkje til særleg store dokument/publikasjonar. Dette finn du meir om under "Vedlegg" i søknadsprosessen.

Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. På bakgrunn av komiteen si innstilling vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveforelesning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida

Stillinga som Professor er lønna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - professor.

Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon:

Vi gjer merksam på at jfr. ny offentlegheitslov kan opplysningar om søkjaren bli offentliggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli oppført på søkjarlista. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket ikkje vert teke til følgje.

Høgskulen på Vestlandet er under omstilling, og det kan bli gjort endringar i stillinga sitt ansvarsområde og plass i organisasjonen.

Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mulig grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

1) Instituttleiar Georg Førland, tlf +47 52 70 26 36

2) Fagseksjonsleiar Siri Ytrehus, tlf +47 48 25 45 22

Søk på stillingen

Powered by Labrador CMS